Utløpt

Områdeleiar ved heimetenesten

Arbeidsgiver
Gol kommune
Stillingstittel
Områdeleiar ved heimetenesten
Frist
01.09.2016
Ansettelsesform
Fast

Områdeleiar i heimetenesten

 

Gol kommune har ledig 100 % fast stilling som områdeleiar i heimetenestene.

Heimetenester gir tenester til dei som bur i eigen heim og i våre 43 omsorgsbustader.

 

Omsorgstenestene er for tida inne i ein spennande prosess der vi arbeider med ein framtidsretta organisering av

tenestene, ei organisering som også tek høgde for dei nye utfordringane kommunane har med samhandlingsreforma.

Kommunane i Hallingdal har eit utstrakt samarbeid på mange område, og arbeider for å løyse nokon av utfordringane i

samband med samhandlingsreforma i fellesskap.

 

Det er eit ønske om størst mogleg grad av tverrfagleg samarbeid i avdelinga og einingane.

 

Områdeleiar er delegert det administrative og budsjettmessige ansvar for eininga i tillegg til personalansvar og fagleg

ansvar. Områdeleiar rapporterer til kommunalsjef og sit i leiargruppa for helse og omsorg.

 

Ansvar og arbeidsoppgåver vil blandt anna bestå av:

*  Leie verksemda i tråd med overordna planer og sørgje for at pålagte oppgåver skjer i samsvar med gjeldande

faglege og rettslege rammer

*  Sørgje for at eininga tek i vare sine primære oppgåver innan utgreiing, behandling, undervising og informasjon

overfor pasientar og pårørande

*  Sikre fagutvikling, forsking, og kvalitetssikring ved eininga

*  Sikre rapportering, evaluering og strategisk initiativ knytt til aktivitetsmål

*  Sikre god rekruttering og eit godt arbeidsmiljø som gir utgangspunkt for fagleg og personleg utvikling for alle

medarbeidarar

*  Etablere og ta i vare god samhandling med samarbeidspartnarar på første - og andre-line nivå

 

Er du vår nye områdeleiar?

Vi søkjer ein synleg og samlande leiar som er kreativ og initiativrik.

 

Du har:

*  høgskuleutdanning innan helsefag

*  helst relevant tilleggsutdanning

*  leiareigenskapar og leiarerfaring

*  erfaring og forståing for ulike brukargrupper sine behov

*  helst kunnskap om turnusplanlegging

*  gode IKT-kunnskapar

 

Vi ynskjer at du:

*  er tydeleg, målretta og positiv, med gode evner til å kommunisere

*  har erfaring med personalleiing, økonomi/budsjett og driftsoppgåver

*  er strukturert og prosessorientert med fokus på løysingar og resultat

*  har evne til dialog og samarbeid

*  har humør og kan inspirere, motivere og rettleie dei tilsette

 

Vi tilbyr:

*  eit godt arbeidsmiljø og hyggelege kolleger

*  mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar

*  fagleg veiledning og moglegheit for vidareutdanning

*  tverrfagleg samarbeid og nettverksgrupper både internt og i Hallingdal

*  løn og tilsetjingsvilkår etter avtale

*  god pensjonsordning

*  hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass

 

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga

For fullstendig utlysing og innsending av elektronisk søknad, sjå  Gol kommune si heimeside: www.gol.kommune.no
- Ledige stillingar

 

Om arbeidsgiveren

Gol er ein kommune med ca. 4.700 innbyggjarar. Kommunen er eit viktig kommunikasjonsmessig knutepunkt, med eit allsidig næringsliv, særleg innan reiseliv, handel og jordbruk. Kommunen kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, og er ein populær handleplass med mange og varierte butikkar.Kommunen har god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
HELSETUNVEGEN 1, 3550 Gol
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

Leiar, Leder, Heimetenesten, Hjemmetjenster, Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Aud Torill Sæbø
Stillingstittel
Kommunalsjef helse og omsorg
Telefon
91 67 39 48
Kontaktperson
Velin Eikrehagen
Stillingstittel
Fungerande områdeleiar heimetenester
Telefon
91 67 39 52
Følg firma
21 følger dette firmaet

HELSETUNVEGEN 1, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 78986197
Sist endret 13. jul. 2016 17:03

Rapporter annonse