Mellombels stilling bustad- og kvarterforvaltar (Andøya)
- Arbeidsgiver
- Forsvarsbygg - Forsvarsbygg utleie
- Stillingstittel
- Mellombels stilling bustad- og kvarterforvaltar (Andøya)
- Frist
- 07.08.2016
- Ansettelsesform
- Engasjement
Forsvarsbygg skal ha eit arbeidsmiljø som er prega av å vere tverrfagleg, ha mangfald og likestilling og søkjer difor ei balansert fordeling med omsyn på alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.
Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentlighetsloven - jamfør særleg Offentlighetsloven § 25.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere og drifte resepsjonstenesta til bustad og kvarter, samt handtere og administrere korttidsovernatting på kvarter inkludert klargjering av rom, inn-/utsjekk av gjestar, koordinere, planleggje og ha oversikt over kvarterbehov iht. kursaktivitet og øving
- Saksbehandle og gjere administrative oppgåver i samband med utleige og forvalting av bustader og kvarter, under dette inngåing, registrering og oppfølging av leigekontrakten med leigetakar i heile buperioden
- Ansvarleg for rådgjeving, rettleiing, bistand, opplæring og oppfølging av leigetakar ved inn-/utflytting og i buperioden
- Gjere synfaringar og føre ettersyn med bustad- og kvarterporteføljen, melde inn feil/manglar/ hærverk og skadar, vedlikehaldstiltak, samt behov for utskifting av møblar/ utstyr, samt følgje opp at dette blir gjort
- Gjere oppgåver mot. økonomioppfølging, under dette lønstrekk, innbetalingar, fakturering og behandling av oppgjer/avstemming
- Ansvarleg for korrekt bruk av ulike IKT-system, under dette bestillingsverktøy, feilmeldingssystem, leigemodul, kundeoppfølgingssystem osv.
- Bidra i vidareutviklinga av ein landsdekkjande lik bustad- og kvarterteneste mot. produkt- og konseptutvikling, service og prosedyrar
- Brannvernkontakt på bustad og kvarter inkludert opplæring i brannverninstruks for leigetakarar/gjestar og gjennomføring av øvingar på bustad og kvarter i samarbeid med andre avdelingar
- Kontaktperson mot Forsvaret, burettslag, sameigar, offentlege etatar, Forsvarsbygg sitt servicesenter, og internt i marknadsområdet osv. i samband med bustadsaker
- Det må også påreknast andre oppgåver som ligg innanfor avdelinga sine ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Hotellfagskole eller relevant utdanning på bachelornivå innan hotell/reiseliv/eigedom
- Fagbrev som resepsjonist eller tilsvarande med lang relevant erfaring kan kome i betraktning
- Erfaring frå tilsvarande stilling og/eller kundebehandling innan offentleg/privat sektor er ein fordel
- Må ha god kompetanse med bruk av data som eit arbeidsverktøy
- Må ha gode kunnskapar i VisBook eller tilsvarande system for hotellbooking
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
- Førarkort klasse B
- Må kunne tryggingsklarerast for Hemmeleg
Eigenskapar
- Serviceinnstilt og god på å byggje relasjonar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Tek initiativ og ansvar
- Strukturert og god til å følgje opp
- Taklar ein hektisk arbeidskvardag
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Løn som førstekonsulent (kode 1408) iht. lønsregulativet i Statens
- Fleksibel arbeidstid
- Faglege utfordringar og spanande arbeidsoppgåver
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Om arbeidsgiveren
Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.
Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over heile landet. Vår viktigaste oppgåve er å skape trivsel for brukarane og bebuarane våre.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Andøya flystasjon, 8485 Dverberg
- Bransje
- Eiendom
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler,
- Kundeservice
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Lena Toft Nilsen
- Stillingstittel
- Leiar bustad- og kvarter
- Telefon
- 90 95 89 73
Følg firma
3051 følger dette firmaet
Andøya flystasjon, 8485 Dverberg