Utløpt

Vikariat bustad- og kvarterforvaltar (Høybuktmoen)

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg - Forsvarsbygg utleie
Stillingstittel
Vikariat bustad- og kvarterforvaltar (Høybuktmoen)
Frist
07.08.2016
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Forsvarsbygg
Stillinga er å vere Forsvarsbygg sitt ansikt utetter ovanfor gjestar og leigetakarar som bur i ein bustad eller kvarter (hybel). Som bustad- og kvarterforvaltar er du ansvarleg for å byggje opp gode relasjonar til gjestane og leigetakarane våre samt yte god service. Du er ansvarleg for å handtere og følgje opp alle førespurnader frå leigetakarar og gjestar, utleige av kvarter til gjestar som skal på kurs, øvingar eller liknande, samt ansvarleg for inngåing av leigekontraktar og oppfølging av leigetakarar i heile buperioden. Du skal også foreta ettersyn av bustad- og kvarterporteføljen, slik at kvaliteten på denne ikkje blir dårlegare. Vi søkjer etter ein bustad- og kvarterforvaltar i vikariat tentativt for 2 år, eller til stillingsinnehaver trer inn i stilling igjen. Du må rekne med å arbeide innan alle lokasjoner i marknadsområdet.

Forsvarsbygg skal ha eit arbeidsmiljø som er prega av å vere tverrfagleg, ha mangfald og likestilling og søkjer difor ei balansert fordeling med omsyn på alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentlighetsloven - jamfør særleg Offentlighetsloven § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere og drifte resepsjonstenesta til bustad og kvarter, samt handtere og administrere korttidsovernatting på kvarter inkludert klargjering av rom, inn-/utsjekk av gjestar, koordinere, planleggje og ha oversikt over kvarterbehov iht. kursaktivitet og øving
  • Saksbehandle og gjere administrative oppgåver i samband med utleige og forvalting av bustader og kvarter, under dette inngåing, registrering og oppfølging av leigekontrakten med leigetakar i heile buperioden
  • Ansvarleg for rådgjeving, rettleiing, bistand, opplæring og oppfølging av leigetakar ved inn-/utflytting og i buperioden
  • Gjere synfaringar og føre ettersyn med bustad- og kvarterporteføljen, melde inn feil/manglar/ hærverk og skadar, vedlikehaldstiltak, samt behov for utskifting av møblar/ utstyr, samt følgje opp at dette blir gjort
  • Gjere oppgåver mot. økonomioppfølging, under dette lønstrekk, innbetalingar, fakturering og behandling av oppgjer/avstemming
  • Ansvarleg for korrekt bruk av ulike IKT-system, under dette bestillingsverktøy, feilmeldingssystem, leigemodul, kundeoppfølgingssystem osv.
  • Bidra i vidareutviklinga av ein landsdekkjande lik bustad- og kvarterteneste mot. produkt- og konseptutvikling, service og prosedyrar
  • Brannvernkontakt på bustad og kvarter inkludert opplæring i brannverninstruks for leigetakarar/gjestar og gjennomføring av øvingar på bustad og kvarter i samarbeid med andre avdelingar
  • Kontaktperson mot Forsvaret, burettslag, sameigar, offentlege etatar, Forsvarsbygg sitt servicesenter, og internt i marknadsområdet osv. i samband med bustadsaker
  • Det må også påreknast andre oppgåver som ligg innanfor avdelinga sine ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Hotellfagskole eller relevant utdanning på bachelornivå innan hotell/reiseliv/eigedom
  • Fagbrev som resepsjonist eller tilsvarande med lang relevant erfaring kan kome i betraktning
  • Erfaring frå tilsvarande stilling og/eller kundebehandling innan offentleg/privat sektor er ein fordel
  • Må ha god kompetanse med bruk av data som eit arbeidsverktøy
  • Må ha gode kunnskapar i VisBook eller tilsvarande system for hotellbooking
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar
  • Førarkort klasse B
  • Må kunne tryggingsklarerast for Hemmeleg

Eigenskapar

  • Serviceinnstilt og god på å byggje relasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Tek initiativ og ansvar
  • Strukturert og god til å følgje opp
  • Taklar ein hektisk arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Løn som førstekonsulent (kode 1408) iht. lønsregulativet i Statens
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og spanande arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste

Om arbeidsgiveren

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over heile landet. Vår viktigaste oppgåve er å skape trivsel for brukarane og bebuarane våre.

Sektor
Offentlig
Sted
Kirkenes lufthavn, 9912 Hesseng
Bransje
Eiendom
Stillingsfunksjon
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elfrid Pettersen Aasvang
Stillingstittel
Leiar bustad- og kvarter
Telefon
47 48 30 76
Følg firma
3098 følger dette firmaet

Kirkenes lufthavn, 9912 Hesseng

Annonseinformasjon

FINN-kode 78297259
Sist endret 29. jun. 2016 17:17

Rapporter annonse