Utløpt

Pedagogisk leiar, fast 100 % stilling

Arbeidsgiver
Hyllestad kommune - Hyllestad barnehage
Stillingstittel
Pedagogisk leiar, fast 100 % stilling
Frist
26.06.2016
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Hyllestad Kommune
Hyllestad barnehage treng pedagogisk leiar frå 1.8.2016, 100 % stilling.

Hyllestad barnehage ligg ved Åfjorden, med utsikt utover fjorden og til det mektige Lifjellet, samt kort veg til Kvernsteinsparken og flott turterreng i området.

Vi har eit mangfaldig læringsmiljø og fokus på språkopplæring, sosial kompetanse og vaksenrolla.

Barnehagen har fire avdelingar, to for barn 0-3 år, ein avdeling 2-5 år og ei avdeling 4-6 år. Vi treng i utgangspunktet ein pedagogisk leiar til friluftsgruppa, men det kan òg vere aktuelt med intern omfordeling slik at den som vert tilsett får ansvar for ei anna avdeling.

Arbeidsoppgåver

  • Som pedagogisk leiar vil du ha eit ansvar for å leie ei avdeling i samsvar med gjeldande lover og føresegner. Ped.leiar vil ha ansvar for det pedagogiske opplegget i gruppa, vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter deg som er utdanna førskulelærar/barnehagelærar.
  • Søkjarar som vert tilsett må kunne legge fram tilfredsstillande helse- og politiattest.

Utdanning

  • Høgskule / Universitet, Diplom / Bachelorgrad
  • Pedagogikk

Eigenskapar

  • Vi ønskjer oss ein raus ped.leiar, med evne til samarbeid med både barn, kollegaer og foreldre - der barna sitt beste er i fokus.

Vi tilbyr

  • Ei spennande, frisk og givande stilling. Tilsetting på vanlege kommunale vilkår, pensjonsordning i KLP.

Om arbeidsgiveren


Hyllestad  kommune ligg i ytre Sogn - ca 1 time med bil frå Førde og 2 timar frå Bergen. Kommunen har omlag 1400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode jakt og fiskevilkår. Her er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre organiserte aktivitetar som turlag, idrettslag, kulturskule, kor, biljardklubb, bogeskyting, dykkarklubb, 4-H, Røde Kors lokallag.  Les meir her

Sektor
Offentlig
Sted
Hyllestad barnehage, 6957 Hyllestad
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Natalia Nowak-Kunc
Stillingstittel
Styrar
Telefon
96 72 42 28
Følg firma
15 følger dette firmaet

Hyllestad barnehage, 6957 Hyllestad

Annonseinformasjon

FINN-kode 77549035
Sist endret 15. jun. 2016 15:14

Rapporter annonse