Utløpt

Fagleiar i bufellesskap for einslege mindreårige

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Fagleiar i bufellesskap for einslege mindreårige
Frist
12.06.2016
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Kort om stillinga

Med atterhald om avklaring med våre samarbeidspartnarar, utlyser vi følgjande stilling: Fagleiar i bufellesskap for einslege mindreårige frå 01.08.16.

 

Osterøy kommune skal busetje einslege, mindreårige flyktningar etter avtale med IMDi og Bufetat. Kommunen skal etablere eit bufellesskap med døgnbemanning for denne gruppa. Tilsette i bufellesskapet vert organisert i eining for Integrering.

Bufellesskapet skal fungere som ein heim for ungdomane som bur der, og vere den trygge ramma for tilveret deira i Norge. Etter busetting arbeider vi for å normalisere kvardagen til ungdomane mest mogleg med skuletilbod, fritidsaktivitetar, gode rutiner og trygge vaksne som veileder ungdommen i det daglege. Bustaden skal ha eit stort fokus på leksehjelp og anna rettleiing for å gjere ungdomane sjølvhjelpne i framtida.

Bustadane er organisert slik at alle har sine oppgåver med omsyn til matlaging, reinhald, fellesskap rundt middagsbord, feriar og aktivitetar i helgene. Bufellesskapa samarbeider med verjer (for dei under 18 år), med helseteneste, skule og andre aktuelle instansar.

Når ungdomane er klare for det, flyttar dei ut på hybel, anten åleine eller saman med en venn. Dei vil få oppfølging av tilsette i bufelleskapa fram til dei er 23 år. Utflytta ungdommar er framleis knytte til bustaden, slik at dei kva tid som helst er velkomne på besøk.

 

Arbeidsoppgåver

  • Tilsetje og organisere medarbeidarar i medleverturnus slik at bufellesskapet vert eit godt omsorgstilbod for einslege mindreårige mellom 15-18 år.
  • Ha ansvar for å innreie bufelleskapet saman med medarbeidarane i bufelleskapet
  • Ha fagleg oppfølgingansvar for dei tilsette
  • Økonomisk ansvar, - syte for refusjon frå Bufetat

 

Vi søkjer

  • Høgare helse-/sosialfagleg utdanning, tilsvarande 5-6 års universitet/høgskule, i kombinasjon med relevant leiarerfaring
  • Rettleiingskompetanse
  • Erfaring med ungdomar er naudsynt å ha

 

Personlege eigenskapar som gjer deg veleigna til stillinga, vert vektlagt

  • God evne til kommunikasjon og relasjonsbygging med framandspråkelige og samarbeidspartnarar.
  • Du må trivast med teamarbeid og dele våre verdiar som er respekt, omsorg, tydeleg og ærleg.
  • Osterøy kommune har mange fagleg dyktige tilsette med stort engasjement. Det er eigenskapar som gir god dynamikk og driv i organisasjonen. Du må sjå verdien i dette og trivast i eit slikt miljø.

 

 

Vi tilbyr

  • Vi er IA bedrift
  • Løn i høve til lokale ordningar og sentralt avtaleverk
  • Vi har gode pensjons-/ og forsikringsordningar

 

Anna

Dersom du tek imot stillinga, må du leggje fram godkjent politiattest.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og har passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Sektor
Offentlig
Sted
Lonevåg sentrum, 5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Omsorg og sosialt arbeid,
Ledelse

Nøkkelord

økonomi, kreativitet, fagkunnskap

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibeche F. Levsen
Stillingstittel
Leiar for integrering og busetjing
Telefon
90 68 63 51
Følg firma
174 følger dette firmaet

Lonevåg sentrum, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 76547550
Sist endret 27. mai 2016 13:43

Rapporter annonse