Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Inaktiv

Gardsbruk i flott kulturlandskap - Selt

Kart med kartnålOMTVEITVEGEN 72 A, 3850 Kviteseid
Prisantydning2 090 000 kr
Formuesverdi
215 681 kr
Verditakst
2 090 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
3
Primærrom
1 m²
Bruksareal
1 m²
Etasje
2
Byggeår
1900
Energimerking
G - Rød
Tomteareal
548 000 m² (eiet)
Grunnflate
83 m²

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Barnevennlig
Garasje/P-plass
Rolig
Utsikt
Turterreng

Visning

Ta kontakt for visning

Beliggenhet

Dette er ein flott eigedom som ligg i fint kulturlandskap. Eigedommen ligg om lag 1,3 km vest frå Brunkeberg sentrum. 

Eigedomen er delt i to teigar. Teigen med husa og og den dyrka marka ligg om lag 300-400 m sør for E-134.

Tunet ligg 310 moh, sørvendt og lunt i øvrekant av jorda, som strekker seg mot Morgedalsåi. Lågaste punkt på eigedomen er 250 moh og høgste er 650 moh.

Beskrivelse

I følge Skog og Landskap sine registreringar og driftsplanen til AT-skog, har eigedomen eit totalareal på 548 daa og 54 daa av dette er dyrka mark.

Garden er godt egna for husdyrhald og er lagt til rette for sauedrift.

Det er fleire bygningar på garden: våningshus, driftsbygning, eldhus, stabbur, reiskapshus, sauefjøs, vårfjøs, gardssag og sel.

Våningshuset

Våningshuset var opprinneleg eit tømra hus på gråsteinsmur fram til 1954. I 1954 vart det støypt ny grunnmur under huset og delar av tømra vart nedriven. Det kom nytt påbygg med kjøkkendel og gang med trapp til ny 2. etasje. 

Huset har ei grunnflate på 83,5 m2 + overbygd tram på 2,4 m2, og er over to etasjar.

I fyrste etasje er det gang med trapperom, stor stoge og stort kjøkken. Nyare laminatgolv i stoge, måla trepanel og måla sponplater i tak. Kott under trappa. Trappa er solid og bra. Kjøkkenet har eit lite spisskammer mot nord. 

I annan etasje er det romslege soverom og eit bad. 

I kjellaren er det 3 rom med støypt golv, upussa murveggar og stubbeloft himling. Det er observert noko fukt i golvet i hovudrommet.

Huset er romsleg, men treng oppussing for å møte moderne krav.

Eldhus

Eldhuset er frå ca. 1950. Grunnflate 73,5m2. Inneheld kjellar og 1. etasje. På grunn av vasslekkasje i taket er eldhuset i dårleg stand.

Driftsbygning

Den gamle driftsbygningen er  på 239 m2, og består av vestre halvpart som fjøs og den andre som låve. Fjøset blei bygd om til sauefjøs i 1985, og husa 60 vinterfora sauer.

Stabbur

Underdelen i stabburet er svært gamalt - takstmann fann årstalet 1739.

Overdelen er nyare, men også gamal. Stabburet er eit veldig fint bygg på tunet, men treng noko vedlikehald.

Andre bygg

Eigedomen har også garasje/reiskapshus, stort sauefjøs, vårfjøs, gardssag, sel. 

Sjå meir informasjon i taksten.

 

Adkomst

Frå Brunkeberg sentrum ca. 300 m på den gamle Europavegen, så felles veg etter den gamle allmannvegen i 700 m og til slutt 250 m veg til tunet.

Steinbrot

I 1992 blei det regulert eit 5 daa stort areal til steinbrot. Kvaliteten på fjellet som blir sprengt ut er svært god og ettertrakta som masse til asfalt.
Sjå meir informasjon i taksten.

Fossefall

I nærleiken av steinbrotet er det eit fossefall på 20 m, samt ein foss lenger ned i Morgedalsåi.
Takstmannen antek at det kan vere mogleg å utnytte denne krafta.

Historiske minne

I følge Sefrak har det vore hus på Nordigard Omtveit tilbake til 1400-talet .
Tre objekt er Sefrakregistrert: Løe, stabbur og jordkjellar.

Odel

Gardsbruket selgast utan odel.

Konsesjon

Eigedomen er ein konsesjonspliktig landbrukseigedom.

Annen info 5

Beskaffenhet

Sjå takst

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Advokat Inge M. Evja

Inge M. Evja

Advokat

Send melding

Anne Aarak

Eigedomsmedhjelper

Send melding

Annonseinformasjon

FINN-kode76376427
Sist endret21. juni 2016 08:48
Referanse*Omtveit*

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.