Utløpt

TINE søker dyktig rådgivar innan mjølkeproduksjon og gardsdrift

Arbeidsgiver
TINE SA - TINE Rådgiving Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Bedriftsrådgivar
Frist
09.06.2016
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med TINE SA

I distrikt Sogn og Fjordane søker me etter vikar for bedriftsrådgivar i om lag eitt år frå 1. september 2016. Du vil jobbe med rådgiving innan mjølkeproduksjon, men med fokus på heilskapen på garden. Oppdragsgjevarane er krevjande kundar med høg kompetanse innan effektiv mjølk- og kjøtproduksjon, me ser etter nokon som har evne til å utfordre, motivere og sjå potensial. Du vil arbeide i eit nettverk med andre dyktige rådgivarar, samstundes som du har ansvar for å levere rådgivingstenester ut frå ditt eige personlege budsjett. Som rådgivar i TINE får du utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver i ein spanande og variert arbeidskvardag. Kontorstad: Hellevik i Fjaler (eventuelt Førde for den rette kandidat).


Arbeidsoppgåver

  • Vere bonden sin rådgivar og diskusjonspartner med utgangspunkt i heilskapen på garden

  • Utfordre, støtte og inspirere bonden til å nå sine mål

  • Marknadsføre, koordinere og følge opp rådgivingstenester ut mot våre kundar

  • Følge opp kukontrollen

  • Bidra til god kontakt med våre medlemar/kundar

 

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning; master, bachelor ellertilsvarande innan husdyrproduksjon/økonomi

  • Praktisk innsikt i gardsdrift og bakgrunn frå mjølk- og kjøtproduksjon vil vere ein fordel

  • Gjerne erfaring frå sal

  • Erfaring frå rådgjeving eller annan relevant erfaring er ynskjeleg og kan redusere kravet til formell utdanning

  • Det er ein føresetnad at du har førarkort klasse B og at du disponerer eige bil

 

Personlege eigenskapar

  • Du handlar på eige initiativ, får ting til å skje og tek ansvar for å skape resultat

  • Du er metodisk og systematisk, planlegg og gjer klare prioriteringar

  • Du forstår raskt komplekse problemstillingar og gjer gode vurderingar

  • Du kommuniserer klart, tydeleg og med overbevisning både muntleg og skriftleg

  • Du samarbeidar godt med andre, delar kunnskap, informasjon og erfaring

  • Du ser potensial, motiverer kundar og medarbeidarar og er miljøskapande

 

Me tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

  • Inspirerande og tverrfagleg arbeidsmiljø

  • Løn og vilkår etter avtale

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

?

Om arbeidsgiveren

TINE Gruppa er ei av dei største næringsmiddelbedriftene i Norge og leverandør av kjende merkevarer som Jarlsberg, Norvegia, TINE Brunost, Biola, YT og TINE Yoghurt. TINE blir eigd av 12 000 mjølkebønder i samvirke, og vår forretningsidé er å foredle reine og naturlege råvarer til god og sunn mat. Det skal vi gjere i nært samspel mellom natur, landbruk, forbrukarar og handel. TINE har meieri over heile landet i tillegg til fleire norske og utanlandske heil- og deleigde dotterselskap, som m.a. Diplom-Is, FellesJuice, Ostecompagniet, Wernersson Ost i Sverige og Norseland Inc. i USA. TINE Gruppa har ca 5 500 tilsette og ei omsetning på ca. 22 milliardar kroner

TINE Rådgiving har ansvaret for dei produsentretta oppgåvene, inkludert husdyrkontrollen. Vi bidreg til å gjere det attraktivt å vere TINE-produsent, ved å tilby aktuell rådgjeving og gjennomføre andre tiltak av interesse for eigarane.

Sektor
Privat
Sted
., 6967 Hellevik i Fjaler
Bransje
Matvareproduksjon og -industri,
Jordbruk og skogbruk
Stillingsfunksjon
Salg,
Rådgivning

Nøkkelord

Rådgiving, Sogn, landbruk, gardsbruk, bedriftsledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Sognnes
Stillingstittel
Distriktssjef
Telefon
95 75 87 20
Følg firma
3324 følger dette firmaet

., 6967 Hellevik i Fjaler

Annonseinformasjon

FINN-kode 76105039
Sist endret 8. jun. 2016 14:37

Rapporter annonse