Utløpt

Ledige vikariat som saksbehandlarar ut 2016

Arbeidsgiver
Kartverket - Kartverket
Stillingstittel
Arbeid på kundesenteret og tinglysing av dokument i andelar i burettslag
Frist
05.06.2016
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Statens Kartverk
Kartverket Ullensvang er ein seksjon under tinglysingsdivisjonen, og har ansvar for tinglysing av burettslagsandelar og kundesenteret til Kartverket. På kundesenteret tek vi imot 1 500 førespurnader kvar dag, og vi har om lag 1 000 dokument dagleg til tinglysing. Seksjonen har om lag 60 tilsette.

Vi søker etter inntil fire vikarar til saksbehandlarstillingar ved kontoret vårt i Kinsarvik. Vikartida har varighet ut 2016.

Arbeidsoppgåver

  • Tinglysing av dokument i burettslagsandelar: Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til saksbehandling av dokumenta for tinglysing. Mottak, tolking av regelverk og vurdering av dokumenta.
  • Kundesenteret: Handtering av telefonførespurnader er hovudoppgåva. I tillegg svarer kundesenteret på spørsmål gjennom andre kommunikasjonskanalar. Spørsmåla knyter seg i hovudsak til tinglysing, men også til fagfelt i Kartverket generelt.

Kvalifikasjonar

  • Krav om treårig vidaregåande skule, men det er ynskeleg med høgare utdanning.
  • Kunnskap innan eigedomsrett, erfaring frå tinglysing og arbeid på kundesenter er ei føremon. Relevant erfaring kan vega opp for manglande formell kompetanse.
  • Erfaring og kunnskap om bruk av IT-verktøy, herunder internett, er ein føresetnad for arbeidet.

Utdanning

  • Administrasjon og leiing
  • Allmennfag/naturfag/realfag
  • Anna
  • Eigedomsmekling
  • Høgskule / Universitet
  • IKT
  • Juridiske fag
  • Vidaregåande skule

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Du må vere arbeidsom, grundig og kunne utøve og utvikle godt skjønn.
  • Du må ha gode samarbeidsevner, vere positiv og engasjert.
  • Du må ha god arbeidskapasitet og trivast i eit hektisk miljø.
  • Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Stillinga blir lønna som konsulent, kode 1065, etter erfaring og kvalifikasjonar.
  • Gunstig pensjonsordning i Statens Pensjonskasse.
  • Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad avspegle mangfoldet i befolkninga. For oss er det eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert arbeidsstyrke når det gjeld alder, bakgrunn, funksjonsevne og kjønn.
  • Kartverket er ei IA-verksemd.

Om arbeidsgiveren

Kartverket dekkjer behovet for geografisk informasjon og offentleg eigedomsinformasjon i Noreg, og er i tillegg tinglysingsmyndigheit for heile landet.

Hovudkontoret til Kartverket ligg på Hønefoss. I tillegg har vi tolv fylkeskartkontor, ein sjødivisjon i Stavanger, eit kundesenter i Ullensvang i Hardanger og eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.

Kartverkets kjerneverdiar er inkluderande, kompetent, open, påliteleg og engasjert.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Ullensvang, 5780 Kinsarvik
Bransje
Eiendom
Stillingsfunksjon
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marita Aarhus
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
32 11 86 28
Følg firma
862 følger dette firmaet

Ullensvang, 5780 Kinsarvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 76084881
Sist endret 19. mai 2016 10:55

Rapporter annonse