Byggjeleiar og kontrollingeniør for vedlikehaldstiltak i tunnelar/tunneloppgradering
- Arbeidsgiver
- Statens vegvesen Region vest
- Stillingstittel
- Byggjeleiar og kontrollingeniør for vedlikehaldstiltak i tunnelar/tunneloppgradering
- Frist
- 06.06.2016
- Ansettelsesform
- Fast
I Statens vegvesen Region vest, vegavdeling Sogn og Fjordane, har vi ledige stillingar som kontrollingeniør og byggjeleiar innan vedlikehaldstiltak i tunnelar. I Sogn og Fjordane har vi mange tunneler av eldre dato som treng oppgradering. Utbetringstiltaka kan vere mellom anna strossing, bolting, vann- og frostsikring og tekniske installasjonar.
Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest, for tida med kontorstad Førde eller Nordfjordeid. I fyrste omgang er det tunnelar i Indre Sogn som skal oppgraderast og ein må pårekne utestasjonering på lokale byggherrekontor under anleggsarbeida.
Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:
- Registreringsarbeid
- Utarbeiding av konkurransegrunnlag
- Teknisk og økonomisk oppfølging av kontrakter
- Utføre kvalitets-, framdrifts- og kostnadskontroll
- Drive HMS-arbeid
- Ha kontakt og oppfølging av entreprenør og andre leverandørar
Kvalifikasjonskrav:
Utdanning frå universitet eller høgskule, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande. For kandidater med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
Førarkort for bil (klasse B) er eit vilkår.
Vi legg vekt på:
- erfaring frå liknande arbeid/bransjeerfaring
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
- evne til å arbeide i tidvis hektiske tilhøve
- gode samarbeidsevner og er fleksibel
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskular og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Askedalen 4, 6770 Nordfjordeid
- Bransje
- Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Margot Åsebø
- Telefon
- 95 19 19 02
Askedalen 4, 6770 Nordfjordeid