Utløpt

Allsidig fagarbeider med elektrikarfagbrev og båtførerkunnskap Nordland

Arbeidsgiver
Kystverket - Kystverket Rederi
Stillingstittel
Allsidig fagarbeider med elektrikarfagbrev og båtførerkunnskap Nordland
Frist
27.05.2016
Ansettelsesform
Fast
Tilsynslag Nordland tilbyr spennande utfordringar

Kystverket søkjer etter elektriker med fagbrev til tilsynslag i Kystverket Rederi med arbeidsområde Nordland.
Vi søkjer ein elektrikar med allsidig elektrobakgrunn som også har erfaring og innsikt innan andre håndverksfag.

Tilsynslaget er til vanleg 2-4 fagarbeidarer allsidig samansett innan ulike fagfelt og saman utfører dei allsidige oppdrag innan vedlikehald og drift.

Hovudoppmøtestad for tilsynslaget i Nordland er Sandnessjøen, men deler av året er det oppmøte i Kabelvåg.
Tilsette i tilsynslag har etter gjeldande arbeidstidsavtale arbeidstidsordning med inntil 3 veker arbeid og påfølgjande avspasering.
Varierte oppgåver utandørs heile året.

Arbeidsoppgåver

  • Sjølvstendig arbeid som elektrikar på navigasjonsinnstallasjonar.
  • Elektrikar tek del i allsidige vedlikehaldsoppdrag som ein del av tilsynslaget sitt arbeidslag, også det som ikkje er elektrorelatert.
  • Tilsynslaga har base på land og tek seg fram i småbåt eller bil.
  • Allsidige og utfordrande oppgåver innan tilsyn, drift og vedlikehald på navigasjonsinnstallasjoner og Kystverket sine eigedommar.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som elektrikar (tilsvarande Gr.L.).
  • Heile arbeidslaget må vere gode båtførarar. Det er ynskjeleg at søkjar har sertifikat som fritidsbåtskipper D5L samt VHF- og sikkerhetskurs.
  • Motorkompetanse er ynskeleg.
  • Erfaring og kompetanse frå andre handverksfag er ynskjeleg og vert prioritert.
  • Søkjar må beherske bruk av IT-verktøy
  • Det krevjast god fysikk og helse. Søkjar må tilfredsstille krav for å få sjømannsattest.

Utdanning

  • Elektronikk/elektro/telekommunikasjon
  • Fagarbeidar
  • Fagbrev

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Allsidig
  • Sjølvstendig
  • Løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Må kunne arbeide i høgda og klatre i stolpar
  • Kunne bidra til gode rutiner og holdningar til HMS i alt sitt arbeid

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Elektrikar er i dag plassert i stillingskode 1203, fagarbeidar, lønnstrinn i statens regulativ A 42 - 45, dvs kr 38 1000 - 398 100.
  • Kystverket har særavtale for tilsynslaga som regulerar arbeidstid og kostgodtgjersle. Arbeidstidsordning med arbeidsperiodar med lengre dagar og friperiodar. I arbeidsperiodane må ein pårekne at ein ikkje kjem tilbake til basen.
  • Medlemskap i Statens pensjonsordning vert trekt med 2% av bruttolønn.
  • Arbeidstakar i tilsynslag har særaldersgrense på 65 år.
  • Fagleg oppdatering og relevante kurs innan tilsynslaget sitt fagfelt.
  • Kystverket er IA-bedrift og er tilknytt bedriftshelseteneste.
  • På bakgrunn av personalpolitiske mål om at arbeidsstyrken skal spegle den generelle samansettinga av befolkninga, vert alle kvalifiserte oppfordra til å søkje uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn.
  • Tiltreding snarast.
  • Følg linken: "Søk på stilling" og legg inn dine opplysninger i elektronisk søknadsskjema, for å registrere deg som søkjar. NB! Ikkje e-post.

Om arbeidsgiveren

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting og samferdsel til sjøs. Etaten har ansvar for fiskerihamner, farleier, navigasjonsinnretningar, lostenesta og trafikkontroll. Verksemda dekkjer også maritim sektor av nasjonal transportplan i tillegg til myndigheits- og forvaltingsoppgåver i samband med lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta. Kystverket har òg ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining.

Kystverket Rederi er Kystverket sin utførar av entreprenørtenester på fyr og merke langs norskekysten. Reiarlaget er ei eiga resultateining i Kystverket med administrasjonsstad Ålesund. Operative tenester inneber utføring av tilsyn-, drift-, nybygging og vedlikehaldsoppgåver på navigasjonsinnstallasjonar. Vi disponerer for tida ni fartøy med tilhøyrande utstyr for anlegg- og vedlikehaldsoppdrag, samt tilsynslag i alle fem regionar. Kystverket Rederi har som målsetting å fornye/modernisere heile eller delar av fartøysflåten fortløpande. I Kystverket Rederi arbeider det om lag 200 personar fordelt på 20 i fagadministrasjon/prosjektleiing og resten i operativ teneste.  

Sektor
Offentlig
Sted
., 8800 Sandnessjøen
Bransje
Elektronikk,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Sundgot Johannsen
Stillingstittel
Rådgjevar Mannskapsressurser
Telefon
99 34 29 85
Kontaktperson
Ingrid Johnsen
Stillingstittel
Prosjektleiar
Telefon
40 04 57 09
Følg firma
134 følger dette firmaet

., 8800 Sandnessjøen

Annonseinformasjon

FINN-kode 75728659
Sist endret 13. mai 2016 09:36

Rapporter annonse