Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Småbruk/ fritidseigedom på Bulko - Voss. Konsesjonsfritt, ikkje odel.

Kart med kartnålBulkovegen 236, 5709 Voss
Prisantydning2 400 000 kr
Formuesverdi
38 264 kr
Verditakst
2 400 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?

Nøkkelinfo

Boligtype
Andre
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
2
Primærrom
97 m²
Bruksareal
107 m²
Byggeår
2003
Energimerking
D - Oransje
Tomteareal
52 000 m² (eiet)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Peis/Ildsted
Utsikt
Turterreng

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beliggenhet

Småbruk som ligg fritt og fint til i område med gardar og i utkanten av hyttefelt.  Tunet ligg 480 m.o.h.  Området er populært som tur- og rekreasjonsområde heile året, og er eit godt utgangspunkt for turar m.a. til Nesheimshorgi og Grønahorgi.

Frå eigedomen er det ca. 16 km til Voss sentrum.  Ca. 20 km til alpinanlegg i Bavallen, og elles kort veg til det meste som Voss kan by på av ulike tilbod.  Ca. 20 km til Granvin og Granvinsfjorden.

Kommunal heilårsveg til garden Bulko, deretter privat veg ca. 400 m fram til eigedomen.  Parkering på eigen grunn.  Den private vegen vert brøytt fram til parkeringsplass forbi eigedomen.  

Beskrivelse

På eigedomen er det eit nyare våningshus (oppført 2003) og eit gamalt eldhus.  Den gamle driftsbygningen braut saman av snøen vinteren 2015.  Muren står att etter denne.

Våningshuset er lite brukt og framstår som nesten nytt.  2. etasje vart innreidd for tre år sidan, og er enno ikkje heilt ferdig.  M.a. er badet i 2. etasje ikkje innreidd, omnen som skal vera i loftstova er ikkje montert og det er ikkje lagt inn straum i 2. etasje.  Badstova i 1. etasje er heller ikkje innreidd.

Rominndeling:  

1. høgda: stove og kjøkken i open løysing, soverom, gang, bad og badstove.  

2. høgda: loftstove, soverom, bad og bu.

Huset er opprinneleg teikna med tre soverom.  Ved å dela opp loftstova kan ein få to soverom oppe samt loftstove i tillegg til soverommet nede.

Det er laga til opplegg for sentralstøvsugar, og huset har balansert ventilasjonsanlegg (Flexit).

Vatn frå eige brønnanlegg, nytt i 2003.  Eige minirenseanlegg for kloakk.

Eigedomen vert seld med inventar og utstyr slik den framstår på visinga.

 

Adkomst

Køyr frå Voss mot Granvin.  Etter ca. 13 km (før tunnelen) ta av til venstre mot Skår/ Skjervsfossen.  Etter 300 m sving til høgre mot Bulko.  Køyr Bulkovegen ca. 2,5 km.  Innkøyring til eigedomen på første avkøyring til venstre etter at ein har køyrt gjennom siste gardstunet på Bulko.

Utfyllende informasjon om fellesgjeld og felleskostnader

Areal

Eigedomen er 52 dekar, av dette er 17 da dyrka mark, 4 da beite, 27 da skog og 4 da tun/anna areal.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig, og det er ikkje odel eller buplikt på eigedomen.

BRA og P-rom for våningshuset er målt og utrekna etter teikningar, og må oppfattast som ca-areal.

Standard

På vegger og tak er det i hovudsak ubehandla panel. På golv er det lakkerte furubord. Badet har baderomsplater/panel på vegger og belegg på golv.

Annen info 3

Annen info 4

Annen info 5

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart

Annonseinformasjon

FINN-kode75026833
Sist endret27. mai 2016 14:06

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.