Bildegalleri
Barneponni selgast
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 120 cm
Siden vi vurderer ein litt større mor/datter ponni, så
velger vi å annonsere og lufte interessen for vår ponni. Gabi er av rasen dartmoor, og er registrert i norsk ponniavlsforening med rødt pass, NPA7287. Ho er 8 år, ca. 120 cm høg, og ein sterk type med god bygning, som sjølv lettare vaksne/ungdom kan ri.
No i vinter er ho påbegynt innkjøring, og har hatt vogn på fleire gonger, samt snørekjørt med ski. Tek dette veldig fint.
Ho blir ridd jevnt dressur av meg (voksen rytter) og er veldig var og fin for skjenkel. Lettridd og myk ponni, som søker lett til tøylen, og lærer utrolig raskt. Også veldig fin på tur.
Vi har også hoppa med ho, og deltatt på eit par interne klubbstevner.
Ho trivast mest i mindre omgivelsar helst på utegang i saman med andre hestar. Ikkje noko liten luftegård, då må ho i så fall stå saman med ein annan hest, hvis ikkje blir det eit trist ponniliv:/
Ho skal ha selskap av andre hestar.
Av gemytt er ho berre heilt nydelig. Alltid blid og knegger når man kjem. Ho elsker folk og kos:) Barn kan stulle og stelle med ho, og løpe rundt ho uten problem. (Eg har sjølv ein støyete 5 åring som bråker rundt ho) Ho biter ikkje, og sparker ikkje.
På tur har ho god fremdrift, og koser seg, både aleine og med andre. Men ho er litt våken type, så på tur bør ein være erfaren og bestemt for å ri aleine, evt. barn kan bli leia.
På sommar bør ho gå på magert beite, for som dartmoorponnier flest blir ho lett tjukk av for saftigt beite.
Av helse er ho frisk, og har gode hovar. Aldri vært skodd.
Går rett på hengar, og står fint i strømgjerde. Billig i drift, for behøver lite høy.
Ta kontakt om de vil vite meir. Vi ønsker den beste heimen for denne ponnien.
Kan settast bort på prøve ved behov, og vi kan være behjelpelig med transport.
Kan diskutere prisen ved hurtig avgjersle. Utstyr som følger med: sal, hodelag, dekken og kjøresele.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 17.3.2017, 12:03 ・ FINN-kode: 75025453