Utløpt

Fiskarstrand skule søkjer utviklingsorientert og samlande skuleleiar

Arbeidsgiver
Sula kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
09.05.2016
Ansettelsesform
Fast

Sula kommune har fem grunnskular med til saman 1198 elevar. Fiskarstrand skule (1.-7.) ligg midt på øya og vart betydeleg renovert etter orkanen Dagmar. Skulen har for tida 144 elevar og SFO, i alt 15,9 årsverk. Leiarteamet med rektor og undervisningsinspektør utgjer 102% stilling og merkantil er 25% stilling.

Vi søkjer ein rollemedveten, utviklingsorientert, tydeleg og samlande leiar med evne til å:

- vidareutvikle ein kunnskapsbasert og kollektiv praksis med fokus på læring
- leie lærarane si læring og utvikling i tråd med målsettingane i kommunen
- samarbeide med tilsette, elevar og føresette om å sikre stimulerande og trygge læringsmiljø
- utøve god personal- og økonomileiing
- vere løysingsorientert i kvardagen
- samarbeide med viktige eksterne aktørar
- identifisere deg med sektoren sin plattform for pedagogisk leiarskap og med verdiane i kommunen:

          Ærleg og Open - Respekt og omsorg - Innovativ - Humor

Det er ynskjeleg at søkjarar har Rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning, og politiattest må leggast fram ved tilsetting. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og referanser vil verte nytta. Tilsetting i samsvar med gjeldande avtaleverk.

Den som vert tilsett vert del av mellomleiarnettverket til kommunalsjefen i Kultur og oppvekst og vil få opplæring og rettleiing etter behov.

Reservasjon frå oppføring i off. søkjarliste må oppgjevast og grunngjevast i søknad. Oppføring kan likevel skje, og søkjar vert då informert.

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Sula kommune har kring 9000 innbyggjarar og ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har eit rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
FISKARSTRANDVEGEN 124, 6035 Fiskarstrand
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

rektor, skuleleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne-Grethe Skjærseth
Stillingstittel
kommunalsjef
Telefon
90 75 73 44
Følg firma
15 følger dette firmaet

FISKARSTRANDVEGEN 124, 6035 Fiskarstrand

Annonseinformasjon

FINN-kode 74859382
Sist endret 25. apr. 2016 13:37

Rapporter annonse