Utløpt

Lærarar

Arbeidsgiver
Finnøy kommune - Oppvekst
Stillingstittel
Lærarar
Frist
01.05.2016
Ansettelsesform
Fast
Frå 01.08.2016 har me no fått tre ledige undervisningsstillingar i barneskulen, både fast stilling og vikariat. Det er ønskjeleg med kompetanse frå begynnaropplæringa og frå mellomtrinnet. Ein legg til grunn nye kompetansekrav i basisfaga..

Arbeidsoppgåver

Vi er på jakt etter deg som har lyst å arbeide som lærar i grunnskulen, fortrinnsvis på mellomtrinnet. Me er særskild på utkikk etter kandidatar med kompetanse i basisfaga.

Kvalifikasjonar

Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen.
Erfaring frå undervisning, klasseleiing og undervegsvurdering er ein fordel.
Det er ynskjeleg med kompetanse innan basisfaga.
Aktuelle kandidatar må beherska nynorsk munnleg og skriftleg, og kunne nytte relevant dataverktøy.
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Utdanning

  • Allmennlærar
  • Høgskule / Universitet
  • Pedagogikk

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

Vi ynskjer pedagogar som:
- er innstilte på samarbeid og som har evne til å jobbe målretta med undervisning og opplæring.
- er fleksible og har godt humør.
- trivst saman med elevar og føresette.
- er gode på gruppeleiing.
- er engasjerte, kreative og løysningsorienterte.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk. Ver merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli gjort offentlege, sjølv om søkjarane har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Om oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjarar bli varsla om dette.
Arbeidsstokken i Finnøy kommune skal spegla mangfaldet i befolkninga, og vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja på stillingar hjå oss.

Vi tilbyr

Stillingsbrøk: 100%
Løn i samsvar med KS hovudtariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Om arbeidsgiveren

Finnøy er ein øykommune i hjarta av Rogaland, midt i Ryfylkeleia. Kommunen grenser til Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy, og Bokn. På 16 av øyane bur det folk, til saman 3200 personar. Om sommaren dobler dette talet seg grunna hytte- og båtturistane. Øyane Finnøy og Talgje fekk samanbinding med fastlandet via tunnel til Rennesøy hausten 2009. Grøderik jord, mildt klima, lune havnar, godt fiske og eit rikt dyre- og planteliv har gjort desse øyane til en attraktiv plass å leve. Kommunesenteret er på Judaberg, om lag 35 minuttars reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune speler vi på lag og Saman for folk i Finnøy er vår visjon. Det er om lag 315 tilsette som til saman utgjer 230 årsverk i verksemda Finnøy kommune.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Finnøy kommune, 4160 Finnøy
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

lærer,, Finnøy,, Fogn,, Ombo,, Ryfylke

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Tjelta
Stillingstittel
rektor, Finnøy sentralskule
Telefon
51 71 41 00
Kontaktperson
Jarl Morten Johansen
Stillingstittel
rektor, Ombo oppvekstsenter
Telefon
51 71 20 80
Kontaktperson
Håvard Østhus
Stillingstittel
rektor, Fogn oppvekstsenter
Telefon
51 71 46 83
Følg firma
8 følger dette firmaet

Finnøy kommune, 4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 74500686
Sist endret 19. apr. 2016 08:34

Rapporter annonse