Utløpt

Dagleg leiar Sagastad

Arbeidsgiver
Stiftinga Sagastad
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
20.04.2016
Ansettelsesform
Fast

Vi søker no etter dagleg leiar for Sagastad. Med seg i arbeidet vil dagleg leiar ha eit engasjert styre og lokalsamfunn som brenn for prosjektet og kan vere med å løfte det fram i ein region med ei sterk reiselivsnæring.

Ansvarsområde

Dagleg leiar skal ha det overordna administrative ansvaret for Stiftinga Sagastad og Sagastad Drift AS. Arbeidsoppgåvene vil ha to hovudfaser: Prosjektfase med oppbygging av senteret 2016-19, og ei driftsfase med planlagt opning av Sagastad viten- og opplevingssenter i 2019.

Sentrale arbeidsoppgåver

·      Utvikle merkevara Sagastad og vere Sagastad sitt ansikt utad opp mot samarbeidspartnarar, media og andre interessentar

·      Byggje gode og varige relasjonar med interessentar og samarbeidspartnarar

·      Ansvar for budsjettarbeid, oppfølging og rapportering. Personalansvar

·      I prosjektfasen vil det vere ulike oppgåver knytt til planlegging og koordinering, samt å rekruttere til å bygge opp ein driftsorganisasjon

Kvalifikasjonar

·      Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå

·      Relevant erfaring frå strategisk leiing/kommunikasjon og merkevarebygging

·      Erfaring med prosjekt og marknadsarbeid

·      Erfaring frå administrasjon og økonomistyring

·      Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, ryddigheit, sjølvstende og stor arbeidsvilje

·      Interesse og engasjement for historie og formidling

Vi tilbyr:

·      Ein sentral plass i oppbygginga av ein reiselivsattraksjon på nasjonalt toppnivå

·      Nært samspel med næringsliv og reiseliv i regionen

·      Konkurransedyktige vilkår

Næraste overordna er styreleiar. Tilsetjing etter nærare avtale. Kortfatta søknad/CV sendast til Stiftinga Sagastad v/styreleiar Tøger Lien, post@sagastad.no

Søknadsfrist: 20.04.2016.

Spørsmål og ynskje om meir informasjon kan rettast til styremedlem Alfred Bjørlo tlf. 480 82 652 eller styremedlem Roger Bergset, tlf. 952 29 160.

 

Om arbeidsgiveren

I 2019 skal Sagastad stå ferdig på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Sagastad er eit viten- og opplevingssenter for vikingtida som vi ynskjer skal bli eitt av dei fremste reiselivsmåla på Vestlandet. Sagastad vil bli bygd rundt eit 30 meter langt vikingskip, ein kopi av det største vikingskipet som nokonsinne er kjent i Noreg, Myklebustskipet. Bygginga av skipet startar allereie i 2016.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Øyrane 11, 6770 Nordfjordeid
Bransje
Kunst og kultur,
Museer, gallerier og kulturminne,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Markedsfører,
PR og informasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Roger Bergset
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Alfred Bjørlo
Mobil
Vis telefonnummer

Øyrane 11, 6770 Nordfjordeid

Annonseinformasjon

FINN-kode 72927960
Sist endret 2. mai 2016 17:02

Rapporter annonse