Utløpt

Nestleiar helse, omsorg, sosial /einingsleiar helse

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Nestleiar
Frist
17.04.2016
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Kort om stillinga

Vår nestleiar i Helse, omsorg og sosial skal pensjonera seg, og vi teng difor ein ny, engasjert og dyktig leiar i sektoren.

Helse, omsorg og sosial er delt i følgjande einingar: Osterøytunet, Heimetenesta, Bu- og avlastningstenesta, Psykisk helse og rusomsorg, Helse og Sosial.

 

Arbeidsstad: Osterøy rådhus i Lonevåg

 

Arbeidsoppgåver

Han/ho som vert tilsett, vil vere sektorleiar sin nære samarbeidspartnar og den som møter i sektorleiar sitt fråvere. I tilleg blir ho/han einingsleiar for helsetenestene, herunder Ergo/fysioterapitenesta og Legetenesta. Oppfølgjing av andre leiarar i sektoren er lagt til sektorleiar. Dei viktigste arbeidsoppgåvene for den utlyste stillinga er:

 

  • Overordna ansvar for økonomi, drift og personalansvar i Eining for helsetenester. Eininga er nyoppretta, og vil krevja utviklings- og endringsarbeid framover.
  • Leie sektoren si forvaltning. Forvaltninga fattar vedtak om tildeling av pleie- og omsorgstenester til kommunen sine innbyggjarar. Nestleiar skal sikre at det vert tildelt tenester i samsvar med gjeldande lov- og regelverk, innan tildelte økonomiske rammer.
  • Kompetanseutvikling i sektoren.
  • Vidareutvikle helse- og omsorgstenestene i samarbeid med sektorleiar og andre einingsleiarar i sektoren.
  • Stillinga vil få ei sentral rolle opp mot sektorovergripande prosjekt
  • Tverrfagleg samarbeid med kommunen sine andre einingar

 

Vi søkjer

  • Vi ynskjer ein tydeleg, utviklings- og resultatorientert leiar med erfaring innan fagfeltet.
  • Minimum fire årig helsefagleg høgskule/universitetsutdanning, med vidareutdanning innan administrasjon og leiing.
  • Erfaring frå leiarstillingar er ønskeleg
  • Særleg lang og relevant leiarerfaring kan kompensera for utdanningskravet
  • Gode evner til å samarbeida og kommunisera
  • Kunne arbeida systematisk
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God kunnskap om offentleg verksemd.
  • God forståing for IKT-verkty
  • Kunnskap om rehabilitering er ein fordel.
  • Personlege eigenskapar og skikkethet for stillinga vil bli særskilt vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Kurs innan forvaltning
  • Variert arbeid i eit travelt, men hyggeleg og godt miljø
  • Godt motiverte medarbeidarar
  • God pensjonsordning
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Osterøy kommune er ei IA-bedrift

 

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf. 56 19 21 00.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og nærmar seg 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Sektor
Offentlig
Sted
Hatland, 5282 Lonevåg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Helsepersonell,
Kontor og administrasjon

Nøkkelord

administrasjon, økonomi, personalansvar, resultatorientert

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mette Fauskanger
Stillingstittel
sektorleiar
Telefon
56 19 21 14
Følg firma
173 følger dette firmaet

Hatland, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 72731690
Sist endret 17. mar. 2016 12:34

Rapporter annonse