Utløpt

Rektor Årdal vidaregåande skule - 2 års vikariat

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Vikariat

Årdal vidaregåande skule ligg i Øvre Årdal i Årdal kommune. Årdal har eit variert næringsliv. Vakker  natur med flotte tilhøve for friluftsliv er kjenneteikn ved kommunen og regionen.

Skulen har 220 elevplassar og opplæringstilbod i utdanningsprogramma: studiespesialisering, elektrofag, teknikk og industriell produksjon og service og samferdsel. Fagleg kvalitet har høg prioritet saman med kontinuerleg arbeid for å skapa eit godt skulemiljø. Skulen legg stor vekt på rolla som regional utviklingsaktør. Skuleleiinga er samansett av rektor og to mellomleiarar.

Skulen søker etter rektor i vikariat i tidsrommet 01.08.16-31.07.18

REKTOR
Leiing – utvikling - måloppnåing

Til å leie og vidareutvikle skulen ønskjer vi ein rektor som samarbeider godt og som er resultatorientert. Rektor må evne å gjere skulen til eit viktig kompetansesenter både for den einskilde elev og for organisasjonar, næringsliv og kommunar.

Rektor skal arbeide for å nå nasjonale og fylkeskommunale målsetjingar for vidaregåande opplæring.

For å nå målsetjingar og ønskjelege resultat, inneber dette at rektor:

  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
  • har vilje og evne til å sameine skuleleiing, lærarar og andre tilsette om samarbeid for eleven
  • arbeider målretta saman med eksterne samarbeidspartnarar
  • opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
  • har gode leiareigenskapar og erfaring frå leiarstilling  
  • har erfaring frå og vilje til utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne     

Rektor vil få god støtte frå leiarar og fagmiljø i sentraladministrasjonen. Rektor rapporterer til fylkesdirektør for opplæring.

Den som blir tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar”.

Ved tilsetjing er det krav om politiattest, men slik attest treng ikkje følgje med søknaden.

Det gjeld ei prøvetid på 6 mnd.

For stillinga gjeld:

  • løn etter avtale
  • vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
  • hjelp til å skaffe bustad
  • dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
  • pensjons- og forsikringsordningar

For meir informasjon om Sogn og Fjordane fylkeskommune sjå vår heimeside: www.sfj.no
For meir informasjon om Årdal vidaregåande skule, sjå skulen si heimeside: www.ardal.vgs.no

Kopi av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju. Søk på stillinga elektronisk snarast, og seinast 17.03.2016

Om arbeidsgiveren

Sogn og Fjordane fylkeskommune utfører utviklings-, drifts- og forvaltningsoppgåver over heile fylket. Vi har ansvaret for vidaregåande opplæring, kollektivtransport, fylkesvegar, tannhelsetenester, kulturtiltak, næringsutvikling og regional planlegging, i tillegg til eigarpostar i mange store og viktige verksemder. Vi har 1 500 tilsette, eit driftsbudsjett på over 2,5 mrd. kr og planlegger å investere for 2,1 mrd. kr frå 2014-17.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
6884 Øvre Årdal
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor,
Ledelse,
Kontor og administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bekka Skaasheim
Stillingstittel
Fylkesdirektør
Telefon
41 53 09 56
Følg firma
39 følger dette firmaet

6884 Øvre Årdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 72063119
Sist endret 3. mar. 2016 15:34

Rapporter annonse