Utløpt

Rådmann

Arbeidsgiver
Hareid kommune
Stillingstittel
Rådmann
Frist
06.04.2016
Ansettelsesform
Fast

Som rådmann i Hareid kommune vil du vere med på å påverke og utvikle samfunnet i regionen vår, kommunen som organisasjon, lokalsamfunnet og tenestetilbodet til innbyggjarar og næringslivet. Hareid kommune søkjer ein visjonær toppleier med høg utdanning, brei leiarerfaring og god kjennskap til offentleg verksemd. Du er tydeleg, handlekraftig, har evne til strategisk tenking og sterk gjennomføringsevne. Du er inspirerande og kan samle organisasjonen om felles utfordringar og mål. Du tryggar samhandling og rollefordeling mellom politikk og administrasjon.

Viktige arbeidsområder for rådmannen:

  • Økonomisk styring og effektiv drift som sikrar driftsbalanse og eit økonomisk handlingsrom    
  • Vidareutvikling av strategiar og planar for Hareid kommune som ei viktig næringskommune    
  • Vidareutvikling av tenestetilbodet i alle sektorar og samarbeid med frivilleg sektor
  • Dialog og samhandling med innbyggjarar, lokale lag og organisasjonar som viktige samarbeidspartnarar for framtida til Hareid
  • Vidareutvikling av leiarteamet til rådmannen som strategisk leiing med heilskapleg mål- og resultatstyring
  • Utvikle ein framtidsretta arbeidsgjevarstrategi med vekt på trivsel, inkludering, langsiktig rekruttering og kompetansebygging    

På www.hareid.kommune.no finn du informasjon om kommunen sin organisasjon, det kommunale styringssystemet og tenestetilbodet til innbyggjarane, samt relevante planar, m.m.

Har du spørsmål, kan du kontakte vår rådgjevar i Headvisor AS, Kirsti Kalseth Sjøhaug, tlf.: 977 31 680 eller ordførar i Hareid kommune, Anders Riise tlf.: 995 09 355.  Løn og andre vilkår etter avtale.  Opplysingar om søkjarar kan bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det jf. offentleglova § 25.  Du må grunngje i søknaden om du ønskjer å reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste jf. offentleglova § 25.

Søknadsfrist 6. april 2016.

Om arbeidsgiveren

Hareid kommune har 5 200 innbyggarar og har om lag 500 tilsette. Kommunen ligg sentralt på Sunnmøre i eit knutepunkt mellom Ålesund og bygdebyane rundt. Kommunen er i sterk vekst og har skapt eit livskraftig samfunn på Hareidlandet i godt samarbeid med engasjerte innbyggjarar og gode naboar. Hareid kommune er ein god arbeidsplass, og ei god kultur- og bukommune i ein sterk og rik arbeidslivsregion.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
RÅDHUSPLASSEN 5, 6060 Hareid
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anders Riise
Stillingstittel
Ordførar
Telefon
99 50 93 55
Kontaktperson
Kirsti Kalseth Sjøhaug
Stillingstittel
Rådgiver / partner
Telefon
97 73 16 80
Følg firma
2301 følger dette firmaet

RÅDHUSPLASSEN 5, 6060 Hareid

Annonseinformasjon

FINN-kode 72016396
Sist endret 2. mar. 2016 15:00

Rapporter annonse