Utløpt

Rektor

Arbeidsgiver
Fjaler kommune - Dingemoen Skule
Stillingstittel
Rektor
Frist
20.03.2016
Ansettelsesform
Fast
Rektor ved Dingemoen skule er ei interessant og krevjande stilling med høve til å nytte brei fagkompetanse i eit sterkt fagmiljø. Rektor leier skulen både pedagogisk og administrativt. Leiar skal til ei kvar tid arbeide etter gjeldande lover og forskrifter. Rektor har mynde og ansvar for både den praktiske og økonomiske drifta av eininga, er personalansvarleg, har ansvar for elevane/barna si læring og utvikling.
Det er gjort vedtak om at Dingemoen skule og Fjaler ungdomsskule på sikt får felles administrativ leing som 1-10 skule, den som vert tilsett må pårekne å kunne verte leiar for begge einingane.

Arbeidsoppgåver

  • leie og motivere medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats for elevane si læring
  • vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og kommunens satsingsområde til beste for elevane si faglege og sosiale utvikling
  • involvere og samhandle med tilsette og elevar om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • forvalte skulen sine totale ressursar på best mogleg måte innan tildelte rammer
  • sørge for at skulen deltek og bidreg i tverrfagleg samarbeid i kommunen

Kvalifikasjonar

  • Godkjend pedagogisk utdanning
  • Minimum tre års praksis med pedagogisk arbeid
  • Leiarutdanning og kjennskap til økonomi og økonomistyring er ein fordel
  • Det blir kravd politiattest for tilsetting i stillinga

Utdanning

  • Administrasjon og leiing
  • Høgskule / Universitet
  • Høgskule / Universitet, Mastergrad / Siv.xxx
  • Pedagogikk

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Vi ynskjer ein leiar som kjenner seg att i Fjaler kommune sin arbeidsgjevarpolitikk:
  • Tydeleg, Inkluderande, Målretta og Utviklande
  • Tydeleg tyder at vi:
  • -gjev klåre tilbakemeldingar, arbeidsoppgåver og god arbeidsfordeling
  • -er tilgjengeleg, tek avgjersler og ansvar
  • Inkluderande tyder at vi:
  • -byggjer tillit ved å myndiggjere medarbeidarane slik at dei kjenner seg trygge og at dei høyrer til
  • -ser, lytter og støtter
  • -involverer og engasjerer medarbeidarane i prosessar
  • -utviklar gode informasjonsrutinar og ein organisasjonskultur med humor og open dialog
  • Målretta tyder at vi:
  • -har klåre mål, held fokus og sikrar gjennomføring
  • -konkretiserer og set i verk tiltak, evaluerer og måler effekt
  • Utviklande tyder at vi:
  • -gjev medarbeidarane utfordringar og har kontinuerlig krav om forbetring
  • -gjev rom for refleksjon og utvikle kompetanse
  • -samhandlar på tvers av sektorane
  • -er positiv og omstillingsdyktig
  • -gjev rom for nytenking og kreativitet

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • ein spanande, krevjande og viktig jobb
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø ved ein fin skule
  • kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

 

Dingemoen skule ligg i Dale i Sogn og Fjordane. Skulen er ein 1-7 skule og har  skuleåret 2015-16 157 elevar, 19 lærarar (ikkje alle i full stilling), 5 assistentar , rektor og kontormedarbeidar.
Dingemoen skule ynskjer å vere ein skule med rom for alle og blikk for den einskilde. I den praktiske skulekvardagen legg vi stor vekt på fellesskap, men og at den einskilde skal få oppleve meistring og utfordringar gjennom mangfald i inntrykk og uttrykk, medverknad og medansvar gjennom dialog. Kvar "brikke" , kvar elev, tilsett og forelder i puslespelet "Dingemoen skule " er like viktige, og det er berre når alle brikkene er på plass at heilskapen kjem fram. "Bare du er deg. Derfor er du verdifull!"


Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Dingemoen skule, 6963 Dale i Sunnfjord
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Hammer
Stillingstittel
Rådgjevar oppvekst
Telefon
57 73 80 56
Kontaktperson
Martin Lundgård
Stillingstittel
Rådgjevar personal
Telefon
57 73 80 54
Følg firma
5 følger dette firmaet

Dingemoen skule, 6963 Dale i Sunnfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 71729649
Sist endret 26. feb. 2016 14:32

Rapporter annonse