Utløpt

Jurist - regelverk og tilsyn

Arbeidsgiver
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)
Stillingstittel
Jurist - regelverk og tilsyn
Frist
13.03.2016
Ansettelsesform
Fast
Nkom formar og påverkar viktige føresetnader for moderne kommunikasjon. Vi jobbar på nasjonalt og internasjonalt nivå med aktuelle problemstillingar i eit spennande, utviklande og tverrfagleg miljø. Vi er tett på utviklinga i eit av dei viktigaste områda i samfunnet: moderne kommunikasjon. No treng vi ein ny jurist til seksjon for regelverk, utstyr og installasjonar.

I avdeling Nett utviklar og følgjer vi opp nasjonalt og internasjonalt regelverk innanfor ei rekkje område som Internett, utstyr og installasjonar, og sikkerheit og beredskap i ekomnett. Vi gir faglege innspel til og greier ut aktuelle problemstillingar på oppdrag frå regjeringa.

Regelverk, utstyr og installasjonar er ein av tre seksjonar i avdeling Nett. Seksjonen har mellom anna tilsynsansvar for omsetnad av elektronisk kommunikasjonsutstyr i den norske marknaden, autorisasjonsordning, og teknisk regulering av elektroniske kommunikasjonsnett.

I dag er vi 14 kollegaer med teknisk og juridisk kompetanse i seksjonen.

Arbeidsoppgaver

  • behandle ulike forvaltningssaker og gje råd i samband med tilsyn og regelverksutvikling
  • utvikle og følgje opp den juridiske praksisen og forskriftsansvaret til seksjonen
  • utvikle relevant regelverk i samsvar med den teknologiske utviklinga
  • delta i relevante prosjekt og utgreiingsarbeid i avdelinga og i Nkom
  • bidra til fagleg oppdatering innanfor relevante juridiske emne

Kvalifikasjoner

  • mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen (cand.jur.)
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • interesse for teknologi
  • Det er ønskjeleg med gode kunnskapar innan forvaltningsrett og relevant tilsyns- eller forvaltningserfaring frå offentleg sektor.

Egenskaper

  • initiativrik, open og omgjengeleg
  • strukturert, kvalitetsbevisst og serviceorientert innstilling
  • evne til å arbeide nøyaktig og ryddig både sjølvstendig og saman med andre
  • blid og med god arbeidskapasitet
  • Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Stillinga er lønna som rådgivar eller seniorrådgivar frå kr 467 700 (lønnstrinn 55) til kr 652 000 (lønnstrinn 73), avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Frå lønna blir det trekt to prosent i innskot til Statens pensjonskasse.

Om arbeidsgiveren

Nkom skal leggje til rette for og sikre god konkurranse i marknadene for breiband og telefoni, kringkasting og post.
Vi definerer og påverkar rammevilkår og lovverk, og representerer Noreg i det mangesidige arbeidet mellom anna med Internett. Sikkerheit og beredskap er ein vesentleg del av ansvaret vårt.

Nkom er lokalisert i Lillesand. Meir informasjon finn du på www.nkom.no.

Vi ønskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om søkjarar har reservert seg mot å stå på offentleg søkjarliste. Søkjarar vil bli varsla i forkant dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Sektor
Offentlig
Sted
Nygård 1, 4790 Lillesand
Bransje
Telekommunikasjon,
Juridiske tjenester
Stillingsfunksjon
Jurist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tor Bringsverd
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
22 82 48 50
48 13 01 20
Følg firma
297 følger dette firmaet

Nygård 1, 4790 Lillesand

Annonseinformasjon

FINN-kode 71712986
Sist endret 25. feb. 2016 08:49

Rapporter annonse