Utløpt

Omsorgstenesta i Sula kommune søkjer helsepersonell

Arbeidsgiver
Sula komune
Stillingstittel
Sjukepleiar/hjelpepleiar
Frist
28.02.2016
Ansettelsesform
Fast

HEIMETENESTA
Heimetenesta i Sula kommune søkjer helsepersonell som skal yte teneste til heimebuande med behov for bistand. Tenesta er del i 3 avdelingar som er bemanna 24/7.
Tenestene har opparbeida seg god kompetanse og arbeidet ut i heimane er både spennande og fagleg utfordrande. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite turnover i stillingane.

Heimetenesta ytre Sula søkjer:
SJUKEPLEIAR - natt 69% fast stilling ledig frå 13.06.16. Saksnr 16/190.
Arbeidstid frå 21.45 - 08.15, arbeid kvar 3. helg. Dette utgjer totalt 7 vakter i 2 arbeidsbolkar fordelt på 3 og 4 netter på tre veker. Nattevaktene i heimetenesta indre og ytre samarbeider i faste team på 1 sjukepleiar og 1 hjelpepleiar som dekker heile Sula, men startar og avsluttar vaktene i kvar sin base. Det er krav om førarkort.
Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein stabil og pliktoppfyllande person med gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig. Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uforutsette hendingar. Personlege eigenskaper vert vektlagt.

 

Psykisk helseteneste, avd Molværsvn 11.
Molværsvegen 11 er eit bufelleskap for mennesker med samansette psykiske vanskar. Erfaring frå arbeid med samansette vanskar; psykisk helse og utviklingshemming er ein fordel. I tillegg til gode faglege kvalifikasjonar ønskjer vi ein stabil og fleksibel medarbeidar som er ressurs- og løysingsorientert, samt evnar til å arbeide både sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Til Molværsvn 11 søkjer vi:

SJUKEPLEIAR/VERNEPLEIAR - 72% stilling - vikariat frå ca. 14.03.16 og ut året. Saksnr 16/192. Turnusstilling med arbeid kvar 3. helg.Arbeidstid 08-22.
HELSEFAGARBEIDAR 71% stilling, vikariat frå ca 18.05.16 - 19.09.16. Saksnr 16/193. Stillinga er i hovudsak ei nattstilling med arbeidstid frå 21.45 - 08.15, arbeid kvar 3. helg.

Kontaktperson for alle stillingane i Heimetenesta er einingsleiar Torunn Veddeng, tlf 70 19 91 00 eller e-post torunn.veddeng@sula.kommune.no.

 

SULATUNET
Sulatunet er ein sjukeheim med 48 einerom fordelt på korttids-/rehabiliteringsavdeling samt bukollektiv.  Vi arbeider etter visjonen Sulatunet, gode opplevingar - kvar dag.

Korttids-/rehabiliteringsavdelinga
Korttids-/rehabiliteringsavdelinga skal gi tilbod til brukarar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Avdelinga skal gi tilbod om opptrening/vedlikehaldstrening og i dei tilfelle pårørande treng avlastning i tillegg til akutt behov for institusjonsplass og palliasjonspleie. Fokuset for arbeidet i avdelinga vil være å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar.
Avdelinga har 6 rehabiliteringsplassar og 4 rulleringsplassar i 1. etg. I tillegg har avdelinga 10 korttidsplassar i 2. etg. Vi søkjer;

SJUKEPLEIARAR - natt,  52% (2 stk) Saksnr. 16/180, 61%  saksnr 16/179 og 75 % saksnr 16/178. Alle er faste stillingar.

Nattevaktene ved Sulatunet har eit nært samarbeid. Den som blir tilsett må rekne med å hjelpe til i alle avdelingane.
Kontaktperson for stillingane ved Sulatunet er einingsleiar Grethe Juul Molvær, tlf 70 19 91 00 eller e-post grethe.juul.molver@sula.kommune.no.

 

For alle stillingane gjeld:
Krav om offentleg godkjenning som sjukepleiar. Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning. Det vert stilt krav om god kunnskap i norsk - både munneleg og skrifteleg. Opplæring vil bli gitt. Krav om politiattest. Oppgi referanse i søknaden. Attestar og vitnemål skal leverast først ved eit eventuelt intervju.

 

Om arbeidsgiveren

Sula kommune har kring 9000 innbyggjarar og ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har eit rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
7
Sted
STADSNESVEGEN 23, 6030 Langevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg,
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torunn Veddeng
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
70 19 91 00
Kontaktperson
Grethe Juul Molvær
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
70 19 91 00
Følg firma
15 følger dette firmaet

STADSNESVEGEN 23, 6030 Langevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 70978958
Sist endret 10. feb. 2016 14:54

Rapporter annonse