Utløpt

Sula kommune søker helsepersonell som skal arbeide innanfor eldreomsorg

Arbeidsgiver
Sula komune
Stillingstittel
Hjelpepleier
Frist
14.03.2016
Ansettelsesform
Fast

 

Bukollektiva i Sula kommune søkjer helsepersonell som skal arbeide innanfor eldreomsorg. Vi søkjer engasjerte personar helst med vidareutdanning innan sjukdommen demens, som vil arbeide med habilitering, rehabilitering og i demensteam. Det er eit nært og godt samarbeide mellom alle avdelingane. Det er også eit ønskje om at ein har god datakunnskap og god norsk-kunnskap både skrifteleg og munnleg.

 

Sloghaugvegen 28
Her bur i hovudsak eldre som ikkje lenger klarer seg i eigen bustad eller i omsorgsbustad. Avdelinga har 16 bebuarar, med rom fordelt på to etasjer. Målet vårt er å gi bebuarane eit individuelt tilbod ved å nytte eigne ressursar for å meistre kvardagen. Turnus er to-delt med arbeid kvar 3. helg. Vi søkjer;

SJUKEPLEIAR - 70% fast (2 stillingar). Sak nr 16/182 eller 16/168.
HJELPEPLEIAR - natt - 80% vikariat frå 01.05.16 med mogelegheit for fast tilsetjing. Sak nr 16/171.
Kontaktperson Solgunn Røsberg, tlf. 70 19 96 20 eller e-post solgunn.rosberg@sula.kommune.no.
Søknadsfrist  for begge stillingane er 24.02.16.

 

Molværsvegen 15/17
Bukollektiv for eldre med demens. Avdelinga har 8 bebuarar. Målet vårt er å gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnadar og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogeleg. Vi søkjer;

HJELPEPLEIAR - 80% fast frå 01.07.16. Saksnr. 16/186. Søknadsfrist: 14.03.16.
HJELPEPLEIAR - natt - 50% fast frå 01.04.16. Saksnr 16/184. Søknadsfrist: 24.02.16.
Kontaktperson Cecilie Ørjasæter, tlf. 70 19 95 49 elller e-post cecilie.orjaseter@sula.kommune.no.

 

Erindringssenteret
Er eit dagsenter for personar med demens. Gjennom sosiale, kulturelle og fysiske aktivitetar ønskjer vi å legge til rette for gode opplevingar. Det vert lagt vekt på at brukarane skal bruke ressursane sine for å bidra til økt tryggleik og mestringsoppleving. Det er eit tett samarbeid med pårørande. Personalgruppa består av 4 personar; leiar, aktivitør, hjelpepleiar og sjukepleiar. Stillinga inneberer vakt ei helg kvar 6. veke ved Molværsvegen 15 og vil være ein del av Demensteamet vårt. Arbeidet består i aktivisering og daglege gjeremål ved sentret, i tillegg til heimebesøk. Det er krav om at søkjer har sertifikat for bil. Vi søkjer;

HJELPEPLEIAR - 70% fast frå 01.07.16. Saksnr. 16/176. Søknadsfrist 01.03.16.
Kontaktperson Eli Hageløkken, tlf. 70 19 91 00 eller e-post eli.hagelokken@sula.kommune.no.

 

Om arbeidsgiveren

Sula kommune har kring 9000 innbyggjarar og ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har eit rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
SLOGHAUGVEGEN 28, 6030 Langevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier,
Sykepleier / Eldreomsorg

Nøkkelord

demens, erindringssenter, omsorgsbustad

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Oddrun Måseide
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
70 19 96 20
Kontaktperson
Cecilie Ørjasæter
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
70 19 95 49
Følg firma
15 følger dette firmaet

SLOGHAUGVEGEN 28, 6030 Langevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 70914736
Sist endret 8. feb. 2016 14:54

Rapporter annonse