Utløpt

Spesialpedagog/lærar (100 % - fast), Finnøy sentralskule

Arbeidsgiver
Finnøy kommune - Oppvekst
Stillingstittel
Spesialpedagog/lærar (100 % - fast), Finnøy sentralskule
Frist
25.10.2015
Ansettelsesform
Fast


Frå dags dato er det ledig 100 % fast stilling som allmennlærar i Finnøy kommune, med tenestestad p.t. Finnøy sentralskule.

(Vi har dessutan ledig ein tilsvarande 50 % stilling - sjå www.finnoy.kommune.no "Ledige stillingar".)

Finnøy sentralskule er lokalisert i kommunesenteret Judaberg, med kort avstand til barnehage, idrettshall, bibliotek, butikkar og kai. Frå Judaberg går det båtar sørover til Stavanger og nordover vidare inn i Ryfylke. Skulen er under rehabilitering, med ein heilt ny ungdomsskuledel og nyoppussa del for mellomtrinnet. Til våren vil resten av skulebygget være klart og skulen vil då være ein 1.-10. skule.

Arbeidsoppgåver

Vi er på jakt etter deg som har lyst å arbeide som lærar
- i grunnskulen, fortrinnsvis ungdomsskulen
- med spesialpedagogikk og basisfag
Det kan og vere aktuelt å dele opp stillinga med undervisning i enkeltfag, eller leggja til spesialpedagogisk undervisning med einskilde elevar eller grupper.

Kvalifikasjonar

Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen
Erfaring frå undervisning, klasseleiing og undervegsvurdering er ein fordel
Det er ynskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk, men ikkje eit krav
Aktuelle kandidatar må beherska nynorsk munnleg og skriftleg, og kunne nytte relevant dataverktøy
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Utdanning

  • Høgskule / Universitet
  • Pedagogikk

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

Vi ynskjer pedagogar som:
er innstilte på samarbeid og som har evne til å jobbe målretta med undervisning og opplæring
er fleksible og har godt humør
trivst saman med elevar og føresette
er gode på gruppeleiing
er engasjerte, kreative og løysningsorienterte
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

Stillingsbrøk: 100%
Løn i samsvar med KS hovudtariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Finnøy er ein øykommune i hjarta av Rogaland, midt i Ryfylkeleia. Kommunen grenser til Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy, og Bokn. På 16 av øyane bur det folk, til saman 3200 personar. Om sommaren dobler dette talet seg grunna hytte- og båtturistane. Øyane Finnøy og Talgje fekk samanbinding med fastlandet via tunnel til Rennesøy hausten 2009. Grøderik jord, mildt klima, lune havnar, godt fiske og eit rikt dyre- og planteliv har gjort desse øyane til en attraktiv plass å leve. Kommunesenteret er på Judaberg, om lag 35 minuttars reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune speler vi på lag og Saman for folk i Finnøy er vår visjon. Det er om lag 240 årsverk tilsett i verksemda Finnøy kommune.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Finnøy sentralskule, 4160 Finnøy
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog,
Undervisning og pedagogikk / Sosiallærer,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

lærer,, undervisning,, opplæring,, skule,, pedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Tjelta
Stillingstittel
rektor
Telefon
51 71 41 02
Kontaktperson
Solveig M. Hatletvedt
Stillingstittel
inspektør
Telefon
51 71 41 04
Følg firma
8 følger dette firmaet

Finnøy sentralskule, 4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 65650304
Sist endret 12. okt. 2015 10:42

Rapporter annonse