Utløpt

Barnevernskonsulent

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Barnevernskonsulent
Frist
25.08.2015
Ansettelsesform
Fast

Det er ledig ei fast 100% stilling innan barnevernet i Austrheim frå og med 01.09.2015.

Opplysninger avdeling
Familiekontoret er i stab under rådmannen, og er ei tverrfagleg avdeling med barnevern og PPT. I tillegg er det eit nært
tverrfagleg samarbeid med helsestasjon, jordmor og psykisk helseteneste.

Arbeidsoppgåver
Foreldrerettleiing
Oppfølging av fosterheimar
Tverrfagleg samarbeid
Førebyggjande arbeid
Sakshandsaming

Krav til kompetanse
Vi søkjer primært ein person med utdanning som barnevernspedagog eller sosionom.
Søkjar må disponere bil og vil få køyregodtgjersle etter vanlege satsar.

Personlege eigenskaper
Vi søkjer ein person som er fleksibel og har gode kommunikasjonsevner i høve born og vaksne.

Informasjon om stillinga
Familiekontoret utfører tenester for Fedje kommune. Denne stillinga er oppretta i samarbeid med Fedje kommune.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å venda deg til kommunalsjef Torleiv Frotjold, tlf. 90151975 eller leiar
for barnevernet - Helèn Skjerven, tlf. 56 16 20 00.

Vi kan tilby
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP.


Søknad vert å  senda
Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider,
www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.



Om arbeidsgiveren

Austrheim kommune er ein vekstkommune som ligg nord i Hordaland med nett over 2800 innbyggarar. Kommunen er ein av vertskommunane til Mongstad, eit internasjonalt industriområde med oljeraffineri, forsyningsbase, petroleumsindustri og CO2-senter. Austrheim har eit tett samarbeid med Lindås kommune om utvikling på Mongstad. Kommunen er også vertskap for ei stor maritim næring. Austrheim er ein hav- og kystkommune og består av over 480 øyar, holmar og skjer. Bruer knyter kommunen saman og ringvegen i Nordhordland går gjennom Austrheim. Kommunen er eit eldorado for aktivitetar knytt til kyst og hav, og den årlege Havsportveka i august er blitt eit omfattande arrangement som trekkjer folk frå inn- og utland. Austrheim kommune er ein del av regionen Nordhordland. Kommunesenteret ligg vel ein time frå Bergen sentrum. Det er gode jobbmuligheiter i Nordhordlandsregionen, og vi hjelper til med å skaffe jobb for to!. Full barnehagedekning og gode tenester er noko av det som møter deg viss du flyttar til oss.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog

Nøkkelord

barnevern, barnevernskonsulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torleiv Frotjold
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
90 15 19 75
Kontaktperson
Helèn Skjerven
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
98 84 03 79
Følg firma
16 følger dette firmaet

Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 62606688
Sist endret 6. aug. 2015 12:47

Rapporter annonse