Utløpt

Austrheim kystbarnehage: Ledig to årsvikariat (100%) som barnehagelærar

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
19.06.2015
Ansettelsesform
Vikariat

Austrheim kystbarnehage er ein heilt ny barnehage som har vore i full drift frå februar 2014. Barnehagen er oppdelt i 6 avdelingar:

  • Sjøstjerne og Kråkebolle for 1-åringane
  • Krabben for 2-åringane
  • Lyr, Makrell og Flyndra for 3 til 5-åringane

Vi søkjer etter medarbeidarar  som likar travle kvardagar, samarbeider godt og også kan arbeide sjølvstendig - med felles mål om å gje borna eit trygt miljø som motiverer til leik og læring. Vi ønskjer at det er rom for humor og latter og at alle skal trivast i ein god og travel kvardag. Kvar avdeling har to pedagogiske leiarar.

Vi søkjer etter godkjent barnehagelæarer, og den som får stilling må leggje fram politiattest.

Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass der arbeidsvilåra er i samsvar med gjeldande lover, reglar og avtaleverk. Austrheim kystbarnehage har eit unikt uteområde. I tillegg har ein kort avstand til variert turområde. Barnehagen disponerer også båt, slik at barna kan vere med på aktivitetar ved stranda og på sjøen.

Austrheim kystbarnehage er ein lærande barnehage i god utvikling. "De utrolige årene" er utgjer ein viktig plattform for utviklingsarbeidet og alle tilsette har etterutdanning og etter kvart paksis knytt til dette prosjektet.

For nærare opplysningar om stillingane, ta kontakt med styrar Britt Ystebø - tlf. 56 16 21 70.

Søkjar må nytte det elektroniske sønkadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til Servicekontoret på tlf. 56162000.

Om arbeidsgiveren

Austrheim kommune er ein vekstkommune som ligg nord i Hordaland med nett over 2800 innbyggarar. Kommunen er ein av vertskommunane til Mongstad, eit internasjonalt industriområde med oljeraffineri, forsyningsbase, petroleumsindustri og CO2-senter. Austrheim har eit tett samarbeid med Lindås kommune om utvikling på Mongstad. Kommunen er også vertskap for ei stor maritim næring. Austrheim er ein hav- og kystkommune og består av over 480 øyar, holmar og skjer. Bruer knyter kommunen saman og ringvegen i Nordhordland går gjennom Austrheim. Kommunen er eit eldorado for aktivitetar knytt til kyst og hav, og den årlege Havsportveka i august er blitt eit omfattande arrangement som trekkjer folk frå inn- og utland. Austrheim kommune er ein del av regionen Nordhordland. Kommunesenteret ligg vel ein time frå Bergen sentrum. Det er gode jobbmuligheiter i Nordhordlandsregionen, og vi hjelper til med å skaffe jobb for to!. Full barnehagedekning og gode tenester er noko av det som møter deg viss du flyttar til oss.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Britt Ystebø
Stillingstittel
Styrar
Telefon
56 16 21 70
Følg firma
16 følger dette firmaet

Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 60380074
Sist endret 9. jun. 2015 14:19

Rapporter annonse