Utløpt

Seksjonsleiar - tverrfagleg spesialisert rusbehandling.

Arbeidsgiver
Helse Førde - PSYKISK HELSEVERN / PSYKIATRISK KLINIKK / SENGEPOSTAR TRONVIK
Stillingstittel
Seksjonsleiar - tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
Frist
07.06.2015
Ansettelsesform
Fast
Vi har ledig 100 % fast stilling som seksjonsleiar ved tverrfagleg spesialisert ruspost på Kyrkjebø frå 1 september 2015.
Her er mange spanande utfordringar for den rette personen.
Eininga er eit satsingsfelt under utvikling. Pasientar kjem frå opptaksområdet til Helse Vest.
Det er knytt eit forskingsprosjekt til posten (om brukarmedverknad) og posten samarbeider med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Seksjonsleiar har ein sentral posisjon i utvikling og drift av posten.
Sengeposten har 3 avrusingsplassar, 4 plassar for seinabstinens/stabilisering, 7 rehabiliteringsplassar og 1 brukarstyrt plass.
Til posten høyrer dessutan behandlingsstøtte som omfattar arbeids-, og idretts- terapi. Posten har overlege, LIS, psykolog og sosionomar i tillegg til miljøpersonale og andre behandlarstillingar.

Rusposten ligg på Kyrkjebø, vakkert til ved Sognefjorden, og er ein seksjon under Psykiatrisk klinikk. Psykiatrisk klinikk har også ein allmennpsykiatrisk sengepost (DPS) på Kyrkjebø.
Seksjonsleiar har avdelingssjef som næraste leiar.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Helse Førde har 6 månaders prøvetid.
Det krevst godkjend tuberkulinprøve

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsleiar vil ha ansvar for fag, personal og økonomi.
  • Vi treng ein entusiastisk og dynamisk person som har lyst til å ta utfordringa med å leie utviklinga av denne posten.
  • Tenesteutvikling, tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling er sentrale arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Tilsette med minimum 3. årig høgskuleutdanning innan helse/sosialfag med relevant vidareutdanning innan psykisk helse/rus
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring.

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Har engasjement for faget og kan jobbe strukturert og målretta.
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har interesse for å utvikle eit godt tverrfagleg miljø.
  • Er tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg miljø
  • Gode personlege eigenskaper

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Godt arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF leverer spesialisthelsetenester til dei 109 000 innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje brukarane det beste tilbodet innanfor rammene styremaktene set. Helse Førde har sjukehus og psykiatriske institusjonar i seks kommunar og driv ambulanseteneste. Talet på tilsette er omlag 2500. Budsjettet er på 2,4 milliardar kroner. Helse Førde er organisert i fire klinikkar. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Tronvik, 6995 Kyrkjebø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Seksjonsleiar, -, Rus, Tronvik

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Finn Trædal
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Telefon
57 71 43 20
Kontaktperson
Audun Rørvik
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
57 71 43 16
Kontaktperson
Svein Ove Alisøy
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
57 83 94 70
91 81 65 10
Følg firma
67 følger dette firmaet

Tronvik, 6995 Kyrkjebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 59245073
Sist endret 13. mai 2015 09:44

Rapporter annonse