Utløpt

Er du vår nye pedagogiske leiar?

Arbeidsgiver
Ølensjøen FUS barnehage as
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
20.03.2015
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med FUS-barnehagene

I Ølensjøen FUS barnehage har me pr dato 119 glade barn og 32 aktive og engasjerte tilsette. I august 2014 flytta me inn i vårt nye flotte tilbygg og utvida dermed kapasiteten frå fire til sju avdelingar. Barna er delt inn i eit storbarnsbygg (tre avdelingar) og eit småbarnsbygg (fire avdelingar), sistnevnte har sitt eige uteleikeområde tilpassa aldersgruppa. Eigen kokk syter for næringsrike og sunne måltider som er ein forutsetnad for at barn skal få utvikle sitt fulle potensiale.   

I vårt arbeid har me fokus på utforsking og aktiv bruk av nærmiljøet; barnehagen ligg i Ølens sentrum og har kort vei til skog, sjø, idretthall/næringsliv m.v. For lengre turmål har me tilgang til minibuss, og våren 2015 tar me i bruk vår nyinnkjøpte lavvo.  I tillegg legg me vekt på fleirkulturellt arbeid og barns utvikling gjennom leik. Dei vaksne har barna i sentrum og støtter, inspirerer og legg til rette for gode leikeopplevingar. Me vil ha eit aktivt og tydeleg personale, og nå treng me to pedagogar til på laget vårt, gjerne med ekstra glød for dei aller minste barna.

Er du den me er ute etter; som vil gjera personalgruppa vår rikare, halda barna i fokus og som kan jobba målretta mot barnehagen sine satsingsområder?   

Ønskjer du å søkja stillingane må du:

- væra utdanna barnehagelærar

- kunne arbeide etter barnehagen sin visjon og verdiar

- evna å væra i utvikling og væra opptatt av kontinuerlig betring

- ha evne til å ta barneperspektivet, leggje til rette for og delta i barn sin leik

- ha gode samarbeidsevner, væra løysingsorientert og fleksibel

 

Me kan tilby:

- eit veletablert fagmiljø med fokus på utvikling og trivsel

- FUS opplæringsprogram

- rettleiing til nyutdanna pedagogar

- kompetanseutvikling og kurs i FUS-skulen og gjennom prosjekter

- nytt romslig bygg med tilpassa arbeidsplass

- FUS arbeidsklede

- tariffavtale og konkurransedyktig løn

 

 

Søkjar må framleggja godkjent politiattest før tilsetjing.

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Ølensjøen FUS barnehage er ein av FUS kjeden sine 160 barnehagar med nærare 3000 tilsette og 12.000 barn fordelt i 74 av landet sine kommunar. Kvardagen i ein FUS barnehage er prega av eit glødande, tilstadeværande og engasjert personale som gir barna ein skapende hverdag. Gjennom leik, omsorg og læring i eit trygt miljø får barna utvikla seg, oppleva meistring og får nye utfordringar. Alle barnehagane i FUS kjeden har ein felles visjon som seier noko om kva me jobbar mot:

Saman gir me barndommen verdi, leik og glede, kvardagsmagi og vennegaranti

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Litlehagen 4, 5580 Ølen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder

Nøkkelord

barnehagelærer, førskolelærer, pedagogiskleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jenny Haugland Gundersen
Stillingstittel
dagleg leiar
Telefon
53 76 62 20
95 75 80 04
Følg firma
1293 følger dette firmaet

Litlehagen 4, 5580 Ølen

Annonseinformasjon

FINN-kode 56281506
Sist endret 27. feb. 2015 12:11

Rapporter annonse