Utløpt

Everksjef

Arbeidsgiver
Rauland Kraftforsyningslag SA
Stillingstittel
Everksjef
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med AMROP NORGE AS

                     * Teknologifornying    * Allianse og samarbeid    * Solid økonomi  

Rauland Kraftforsyningslag (RK) er eit solid energiverk med hovudkontor i Rauland i Vinje Kommune. Verksemda har god økonomi. Energibransjen er inne i ei spanande utviklingsfase med fokus på leveranseevne, kundeservice og teknologifornying. Rauland Kraftforsyningslag er godt førebudd for å møte dei utfordringane som ligg føre. Styret er også av den oppfatning at den største risikoen ligg på det makropolitiske område. Derfor er det framover svært viktig å støtte opp om våre bransjeorganisasjonar slik at dei kan arbeide for best mogleg rammevilkår for små og mellomstore nettselskap. Everksjefen forventast å ta ei aktiv rolle i verksemda si involvering i Nettalliansen AS og i RK's deleigde dotterselskap TeleFiber AS.

Noverande everksjef går av med pensjon.

Ny everksjef bør ha evner til å skape tillit og gode samarbeidsrelasjonar internt og overfor kundar og samarbeidspartnarar. 

Vi søker ein proaktiv og samlande leiar som kan inspirere. Vi forventar at du har eller kan få godkjenning som driftsleiar for høgspentanlegg, har ingeniørkompetanse i elkraft dvs. har min. ingeniørhøgskule eller teknisk fagskule, ingeniør med godkjenning som driftsleiar. Vi forventar at du har relevant leiarerfaring og kan trivast med både strategiske og operative utfordringar.  Kandidaten bør ha kunnskap om tele- og fiberanlegg.

RK tilbyr eit godt arbeidsmiljø med utviklingsmogleghetar, fleksibilitet og konkurransedyktige betingelsar. Ta gjerne uforpliktande kontakt med styreleiar Dag Dyre Vaa  tlf.  916 03 766 eller Jan Kirkerud hjå Delphi Consulting AS, tlf. 23 33 27 70.  

CV og søknad merka 85515 sendast innan 16. mars  til delphi@delphi-consulting.no. Alle søknader og henvendelsar behandlast konfidensielt, om ønskeleg også ovanfor oppdragsgjever.

Om arbeidsgiveren

Rauland Kraftforsyningslag vart skipa 30. januar 1938. Kraftlaget sitt første driftsår var 1940, og hadde da 178 medlemer/abonnentar. I dag er talet auka til om lag 4000. Rauland Kraftforsyningslag SA er eit samvirkelag med skiftande kapital og skiftande medlemstal etter som tilhøva tilseier til ei kvar tid. Styret består av sju styremedlemmer valde for 3 år om gongen.. Rauland Kraftforsyningslag SA sin forretningsidé er å syte for at kundane får ei så god og rimeleg straumforsyning som råd. Sjå også www.rauland-kraft.no.

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
Rjukanvegen 10, 3864 Rauland
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Kirkerud
Stillingstittel
Delphi Consulting AS
Telefon
23 33 27 70
Kontaktperson
Dag Dyre Vaa
Stillingstittel
Styreleder
Telefon
91 60 37 66
Følg firma
1605 følger dette firmaet

Rjukanvegen 10, 3864 Rauland

Annonseinformasjon

FINN-kode 56073532
Sist endret 20. feb. 2015 15:09

Rapporter annonse