Utløpt

Stilling som rektor

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
04.03.2015
Ansettelsesform
Fast

Opplysninger avdeling

Ved Kaland barne- og ungdomsskule er stillinga som rektor ledig frå og med 01.08.15. Skulen er ein 1-10 skule med 160 elevar. Skulen har SFO.
Skulen sin administrasjonsressurs er for tida om lag 120 %. Denne kan bli auka.

Arbeidsoppgåver

Dei to skulane i Austrheim (Kaland barne- og ungdomsskule og Årås skule) skal utviklast etter prinsippa for lærande organisasjonar. Dei er begge med i pulje 1 i Udir si ungdomsskulesatsing for "skulebasert kompetanseutvikling" (SKU). Satsinga går over fem år, og hausten 2014 avslutta dei introduksjonsprogrammet som gjekk over tre semester, med oppstart hausten 2013. Satsingsområda er:
" Klasseleiing m/vurdering for læring
" Lesing med vekt på SOL (systematisk oppfølging av lesing).
Alle tilsette er med i dette prosjektet. No skal dette vidareførast med satsing på vurdering for læring. Austrheim kommune er med i Udir si satsing "Vurdering for læring - pulje 6". Det vert lagt plan for satsinga våren 2015, og oppstart ute i skulane vert i august 2015. Udir vil delta i satsinga over dei fire første semestera. I dette utviklingsarbeidet skal også PPT vere med.

I tillegg har skulen implementert fase 1 av PALS (Positiv åtferd, støttande læring og samhandling i skulen)
Skulen har tradisjon for å vere med i internasjonale Commenius prosjekt.

Skulen har ei aktiv foreldregruppe som er ein viktig samarbeidspartnar i skulekvardagen.
Skulen har symjebasseng, og eit skulebibliotek som er samlokaliset med folkebiblioteket sin filial.

Stillinga som rektor er ei kombinert leiarstilling/undervisningsstilling.

Austrheim kommune er ein 2-nivå kommune. Rektor inngår i kommunen si leiargruppe som består av rådmann, 11 avdelingsleiarar, assisterande rådmann, kommunalsjef for oppvekst og økonomisjef. Rektor har delegert budsjett- og personalansvar for 20 lærarar, 5 assistentar og kontorpersonalet. I tillegg er det 4 reinhaldarar og 1 vaktmeister organisert gjennom teknisk avdeling som har sin daglege arbeidsplass ved skulen.

Kaland skule har i alle år vore 'sentrum' i Kaland/Fonnes-delen av kommunen. Skulen vert mykje nytta av bygdefolket i ulike samanhenger.

Krav til kompetanse

Rektor må ha pedagogisk utdanning og kompetanse
Rektor må vera resultat- og utviklingsorientert
Relevant leiarerfaring og leiarutdanning vert vektlagt

Personlege eigenskaper

Vi ynskjer ein rektor med fylgjande kvalifikasjonar:
- leiarerfaring med vekt på relasjonsleiing
- relevant skuleleiarutdanning
- vilje til å vera inspirator for dei tilsette
- evne til å leia og motivera pedagogisk utviklingsarbeid
- vilje til å setja eleven i sentrum
- vilje til å utvikla skulen som ein lærande organisasjon der elevane får opplæring i samsvar med sine eigne føresetnader

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.

Informasjon om stillinga

For nærmare opplysningar om stillinga ta kontakt med kommunalsjef Torleiv Frotjold på tlf. 56 16 20 00.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000

Om arbeidsgiveren

Austrheim er ein kystkommune i Nordhordland med “god vind i segla”
for tida. Stor byggeaktivitet, sterk utvikling på
Mongstad og positiv befolkningsutvikling.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torleiv Frotjold
Stillingstittel
Kommunalsjef for oppvekst
Telefon
90 15 19 75
Følg firma
16 følger dette firmaet

Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 55807113
Sist endret 11. feb. 2015 13:33

Rapporter annonse