Utløpt

Bidra til motivasjon og meistring - læraroppdrag ut juni

Arbeidsgiver
Adecco
Stillingstittel
Lærer
Frist
17.02.2015
Ansettelsesform
Vikariat

Skulen er ein 1. - 10.skule som ligg sentralt plassert i kommunesenteret. For skuleåret 2014-2015 har skulen ca 170 elevar.



Me søkjer no lærarvikar på barne/ungdomssteget, som timelærar ulike fag.Aktuelle fag er matematikk, norsk, kunst og handverk med meir. Stillinga er 100 prosent. Skulen har stort fokus på vurdering for læring, og motivasjon og mestring. Utviklingsarbeidet er knytt til desse områda. Akkurat no drivast Lesson Study for å forbetre eigen praksis og lære av kvarandre. Timeplanen for veka ligg fast. På ein so stor arbeidsplass er uforutsette hendingar ein del av kvardagen, og ein bør kunne tilpasse seg omprioriteringar undervegs.

Vi treng ein vaksen, tydeleg, roleg og ansvarsfull person, som ikkje er redd for å setje grenser.Erfaring/praksis frå arbeid med elevar med sosiale vanskar vil vere eit pluss. Me søkjer ein person som er tilpasningsdyktig og har gode evner til samhandling med både elevar og vaksne.


 



Ei typisk veke på skulen er travel og spennande! Me har kjekke elevar og kollegaer, eit relativt ungt personale, og fin fordeling av kvinner og menn. Me har fokus på pedagogisk utviklingsarbeid og jobbar blant anna saman i småteam rundt ein klasse. Det ringer inn til skulestart klokka 08.45 om morgonen, og skuledagen sluttar for dei fleste klokka 14.25. Ei heil stilling har hjå oss ca 80 minutt tilsyn i veka.  For dei yngste elevane har vi SFO tilbod, og elevane frå 6. -9.klasse har leksehjelp to ettermiddagar i veka (tysdag og onsdag). 
 

 Ein vil få oppfølging i form av introduksjonsprogram for nytilsette. Onsdagar klokka 14.30 er det lærartrim for dei som vil vere med på det. Skulen har ny og fin klatrepark og flott idrettsbane. Skulen ligg sentralt i Hyllestad, like ved butikk, bibliotek osv. Du vi få vere del av godt arbeidsmiljø og i tillegg ha eigen personalkonsulent i Adecco.Dette er ei flott mogelegheit for skape eigne erfaringar som gir utvikling både fagleg og personleg.Du vil bli teken godt imot som ny kollega.  I tillegg er våren i Ytre Sogn ei flott oppleving i seg sjølv.

Om arbeidsgiveren

Adecco er verdens største aktør innen bemanning. I Norge er vi ledende med mer enn 70 kontorer og avdelinger, som hver dag formidler jobb til over 8.000 personer. Vi tilbyr midlertidige og faste stillinger i norsk næringsliv og offentlig sektor. Vi har også spisskompetanse på rekruttering av ledere og spesialister til faste stillinger, outsourcing og rådgivning i omstillingsprosesser.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Privat
Sted
HYLLESTAD, 6957 Hyllestad
Bransje
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sviggum, Aud Inger
Følg firma
712 følger dette firmaet

HYLLESTAD, 6957 Hyllestad

Annonseinformasjon

FINN-kode 55744653
Sist endret 9. feb. 2015 14:41

Rapporter annonse