Utløpt

Pedagogisk leiar i Finnøy kommune

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
20.02.2015
Ansettelsesform
Fast

                                                                                                     

Finnøy kommune ligg sentralt til i Rogaland, med reisetid til/frå Stavanger på ca. 45 minutt. To av øyane er landfaste gjennom Finnfast. Dei andre øyane har godt utbygd transportnett med både ferjer og hurtigbåtar. Kommunen har om lag 3000 innbyggjarar.

Barnehagane i Finnøy arbeider med tidleg innsats gjennom programmet Være sammen og med fokus på språkutvikling. Kommunen har utarbeidd ein felles plan for leseopplæringa i kommunen.

I Finnøy kommune speler me på lag. ”Saman for folk i Finnøy”, er vår visjon. Kommunen ønskjer medarbeidarar som er myndiggjorte, kompetente, engasjerte, fleksible og lojale.

 

Finnøy Kommune har ledige stillingar som pedagogiske leiarar i barnehagane frå 01.08.2015.

Det er ønskeleg med søkjarar med spesialpedagogisk kompetanse.

Finnøy kommune har eige lønsregulativ for utdanna barnehagelærarar.

 

Løn etter avtale. Arbeidsvilkåra vil vere i samsvar med vedtekne tariffavtalar, lover, reglar og kommunale vedtak. Det vert trekt 2% i pensjon av grunnlønna. Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk.

 

Søknad, med vedlagt CV og kopiar av attestar og vitnemål kan sendast til Finnøy kommune, 4160 Finnøy. Referansar må førast opp.  Ved ev. tilsetjing skal godkjend politiattest leggjast fram, jf. opplæringslova.

Søknadsfrist:  20. februar 2015

Merk søknaden med ref.nr. 15/29.

 

Nærare opplysningar kan ein få ved å venda seg til oppvekstkontoret, tlf.  51 71 47 30 eller 51 71 47 31

Sjå også kommunen si heimeside: www.finnoy.kommune.no

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk leiar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning.
  • God fagkompetanse.
  • Erfaring frå barnehage.

Eigenskapar        

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer pedagogar som: 

  • er innstilte på samarbeid og som har evne til å jobbe målretta for å leie avdelinga og jobbe med tidleg innsats,
  • er fleksible og har godt humør,
  • trivst saman med barn og føresette,
  • er gode på gruppeleiing,
  • er opptatt av at barnet sin tryggleik, utvikling og læring står i sentrum,
  • er engasjerte, kreative og løysningsorienterte.

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
4160 Finnøy
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Førskolelærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingvild Angelskår Moen
Stillingstittel
Pedagogisk rådgjevar
Telefon
51 71 47 31
Følg firma
8 følger dette firmaet

4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 55740888
Sist endret 9. feb. 2015 13:08

Rapporter annonse