Utløpt

Spennande jobb ledig for ingeniør i Hyllestad

Arbeidsgiver
Hyllestad kommune
Stillingstittel
Ingeniør
Frist
12.01.2015
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Hyllestad Kommune

Hyllestad kommune har ledig 100 % fast stilling som ingeniør.

 

Vi søkjer etter ein ny medarbeidar som ønskjer fagleg utvikling og varierte arbeidsoppgåver.  Hyllestad kommune står framfor fleire store og spennande utbyggingsoppgåver.  Hovudarbeidsoppgåver for stillinga vil vere prosjektleiing, plan- og delingssaker og oppfølging av anlegg i sektoren.  Oppstart i stillinga etter nærare avtale.

 

Vi søkjer etter ein dyktig ingeniør med

  • Utdanning frå ingeniørhøgskule
  • Praksis frå tilsvarande arbeid, gjerne planarbeid
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne

 

Hyllestad kommune kan tilby ein interessant og utviklande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø og gode samarbeidsforhold.  Tilsetting på vanlege kommunale vilkår, gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom Noregs beste pensjonsforsikring KLP.  Fleksibel arbeidstid og løn etter avtale.

 

Nærare opplysningar om stillinga får du hos plan og utviklingsjef Stig Aron Tverberg, tlf. 57789548/97010774 eller personalsjef Elin Garnes Solås, tlf. 57789504.

 

Hyllestad kommune ønskjer kun å motta digitale søknader, søknadsskjema finn du her på heimesida vår under menypunktet Sjølvbetjening.

 

SØKNADSFRIST: 12. januar 2015.

 

Vel møtt som søkjar!

Sektor
Offentlig
Sted
6957 Hyllestad
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Oppmåling og kartlegging,
Planlegger

Nøkkelord

prosjektledelse, planlegger, plansaker, delingssaker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stig Aron Tverberg
Stillingstittel
Plan og utviklingsjef
Telefon
57 78 95 48
Kontaktperson
Elin Garnes Solås
Stillingstittel
Personalsjef
Telefon
57 78 95 04
Følg firma
15 følger dette firmaet

6957 Hyllestad

Annonseinformasjon

FINN-kode 54182660
Sist endret 12. des. 2014 15:35

Rapporter annonse