Utløpt

Landbruksrådgivar i jord- og plantefag

Arbeidsgiver
Landbruk Nordvest SA
Stillingstittel
Landbruksrådgiver
Frist
08.12.2014
Ansettelsesform
Fast

Vi arbeider i eit aktivt og krevjande landbruksmiljø med forsøk, utviklingsarbeid og rådgiving innanfor jord- og plantefag, kulturlandskap og økologisk landbruk. Vi driv med økonomi- og bygningsrådgiving. Stillinga blir tillagt rådgivingsarbeid i jord og plantekultur med vekt på grovfôrproduksjon. Stillinga kan og bli tillagt hovudansvar for rådgjevinga i kornproduksjon i Landbruk Nordvest. Person med interesse for og kompetanse i grovfôr- og kornproduksjon blir særleg oppfordra til å søkje.
Arbeidsoppgåver:
 - Rådgjeving til medlemmane våre
 - Vidareutvikle rådgivingstilboda i regionen saman med dei andre rådgjevarane og samarbeidspartnarar
 - Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
 - Informasjonsverksemd
Vi tilbyr:
 - Ein variert og utviklande jobb i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
 - Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
 - Stor grad av fleksibilitet og ansvar
 - Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ynskjer ein medarbeidar med:
 - God kunnskap innan jord- og plantekultur
 - Universitets- eller høgskuleutdanning, gjerne med praktisk erfaring
 - Interesse for å utvikle landbruket i regionen
 - Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
 - Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
 - God skriftleg og munnleg framstillingsevne, gode datakunnskapar
 - Eigen bil til disposisjon
 - Kontorplassering Sunndalsøra

Rådgjevaren vil arbeide tett saman med resten av rådgjevarkollegiet i Landbruk Nordvest.

Om arbeidsgiveren

Landbruk Nordvest er ei bedrift eigd og styrt av om lag 1400 bønder i Møre og Romsdal. Vi har kontor i Sunndal, Molde, Volda, Valldal og Elnesvågen. Landbruk Nordvest har ambisjonar om å vera landbruket sitt førsteval innan økonomi, rådgiving, tenesteyting og byggteknisk planlegging.
Landbruk Nordvest er medlem av Norsk Landbruksrådgiving og Norske Landbrukstenester.

Sektor
Privat
Sted
Hovsvegen 25, 6600 Sunndalsøra
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Jordbruk og skogbruk
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Rådgivning

Nøkkelord

Landbruksrådgiver, Rådgiver, Rådgivar, Ringleder, Landbrukskonsulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jon Geirmund Lied
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
41 44 87 79
Kontaktperson
Ivar Bakken
Stillingstittel
Dagleg leiar
Telefon
90 60 35 61
Følg firma
3 følger dette firmaet

Hovsvegen 25, 6600 Sunndalsøra

Annonseinformasjon

FINN-kode 53525972
Sist endret 17. nov. 2014 16:15

Rapporter annonse