Utløpt

SEKSJONLEIAR TEKNISKE TENESTER (Teknisk sjef)

Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Stillingstittel
SEKSJONLEIAR
Frist
16. november 2014
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Utfordrande toppleiarstilling i eit utviklingsorientert miljø

 

Ørsta kommune er i positiv utvikling, og vi søkjer ein engasjert og dyktig leiar  som skal inngå i leiargruppa til rådmannen. Vedkomande får eit særskilt ansvar for teknisk planlegging og drift, i tillegg til heilskapleg ansvar i samsvar med kommunen sine overordna visjonar og mål.

Seksjonleiaren skal leie og utvikle tekniske tenester i eit framtidsperspektiv. Stillinga medfører overordna økonomi- og personalansvar for 44 årsverk. Seksjonen har tre einingsleiarar som  har fag- økonomi- og personalansvar i si delegering. Gjennomføring av investeringar og drift av infrastruktur er grunnleggjande oppgåver. I tillegg vil vidareutvikling av forvaltings- og tenesteproduksjonen innanfor byggesaker og  brann- og beredskapstenester, samt drifts- og utbyggingsoppgåver innanfor kommunalteknikk være viktig. Den som vert tilsett har også ansvar for saksutgreiing og rapportering på desse områda og for oppfølging av vedtak gjort av politiske organ.

Vi søkjer ein person med teknisk utdanningsbakgrunn, og ei fagretning innanfor kommunalteknikk vil vere ein fordel. Vidare ser vi etter ein person med kunnskap om gjeldande lovverk knytta til arbeidsområdet og til offentlege innkjøp og anskaffing. Budsjettarbeid og kostnadsstyring vil vere ein viktig del av rolla  og kompetanse innan økonomiarbeid vil bli vektlagt. Kommunal erfaring er ikkje eit krav, men forståing og interesse for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon vil vere positivt.

Gode kandidatar må ha evne og vilje til å utvikle seg sjølv, sine medarbeidarar og organisasjonen i eit lengre perspektiv. Evne til å leie, motivere og skape resultat vil vere avgjerande, og vi ønskjer oss søkjarar med ein leiarstil som evner å nytte og utvikle kompetansen hos medarbeidarane. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er ein føresetnad, og vi vil ha søkjarar som vert motivert og inspirert av å leie andre.

Vi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljø, med kompetente og stabile medarbeidarar. Løn etter avtale, og høve til etter- og vidareutdanning/fagleg oppdatering.

Nærare opplysningar om stillinga vert gitt av Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058, eller Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036. All uformell kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar. Søk på stillinga på www.mercuriurval.no snarast, og seinast innan 16.11.2014.  

Om offentlege søkjarliste I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve  prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Om arbeidsgiveren

Ørsta kommune er med 10 500 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal og plassert i hjarte av Sunnmørsalpane. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom E39, Eiksundsambandet og Ørsta/Volda lufthamn Hovden som har direkteruter til Oslo og Bergen.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
6153 Ørsta
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Teknisk personell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Ole Petter Bratteberg
Telefon
97 55 90 36
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2596 følger dette firmaet

6153 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 52422904
Sist endret 3. nov. 2014 15:58

Rapporter annonse