Utløpt

Osterøy kommune søkjer einingsleiar for institusjonstenesta.

Arbeidsgiver
Osterøy Kommune
Stillingstittel
Einingsleiar for institusjonstenesta
Frist
06.10.2014
Ansettelsesform
Fast

Einingsleiar vil vera med å utvikla ein moderne og spanande institusjon for framtida.

Einingsleiar arbeider på delegerte fullmakter frå sektorleiar og har eit sjølvstendig delegert budsjett- økonomi- og personalansvar. Stillinga skal sørgje for at tenesteområdet ber preg av gode og velrøynde metodar og måtar å utføra fagfeltet på.

Osterøytunet har fokus på trivsel, nøgde bebuarar og pårørande og har brukarundersøkingar som eit av styringsverktøya. Osterøytunet vart bygd i 2004 og er ein aktiv institusjon med 66 plassar fordelt på 7 bueiningar, eige kjøkken, ReHab- og aktivitetsavd.
Det er knapt 70 årsverk fordelt på ulike stillingsprosentar i institusjonen.

Vi søkjer ein entusiastisk og dyktig leiar som

  • har fokus på å leia og vidareutvikla Osterøytunet til ein omsorgsbase for framtida
  • er tydelig, trygg og har god koordineringsevne
  • er sjølvstendig og ansvarsbevisst. 
  • har god økonomiforståing og kan sikra optimal drift etter fastsette budsjettforutsetjingar
  • er fleksibel, løysingsorientert og kan kommunisera godt, munnleg og skriftleg
  • har evne til å inspirera og motivera kompetente medarbeidarar

Einingsleiar er ein del av leiargruppa i sektoren.

Vi søkjer ein leiar som har

  • høgskule eller universitetsutdanning frå Helse-/omsorgsfeltet
  • leiarutdanning
  • erfaring med administrasjon og strategisk personalleiing og i å leie krevjande driftsorganisasjonar

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande stilling
  • Gode arbeidsverktøy som forenklar kvardagen
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Løn etter avtale


Søknad
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta
kontakt med servicekontoret vårt, tlf. 56 19 21 00.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og nærmar seg 7 800 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Sektor
Privat
Sted
Hauge, 5281 Valestrandsfossen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

Leiar, Omsorgsbase, Helse, Personalleiing, Administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mette Fauskanger
Stillingstittel
Sektorleiar
Telefon
92 83 22 96
Kontaktperson
Inger Margrethe Fossland
Stillingstittel
Nestleiar sektor HOS
Telefon
90 60 40 07
Følg firma
283 følger dette firmaet

Hauge, 5281 Valestrandsfossen

Annonseinformasjon

FINN-kode 51760963
Sist endret 17. sep. 2014 13:53

Rapporter annonse