Utløpt

Høyanger kommune søker økonomisjef

Arbeidsgiver
Høyanger Kommune
Stillingstittel
Økonomisjef
Frist
28.09.2014
Ansettelsesform
Fast

Vår noverande økonomisjef pensjonerer seg i 1. kvartal i 2015. Høyanger kommune har difor ledig fast stilling som økonomsjef frå 01.03.2015

Økonomisjefen leiar stabseining økonomi med økonomi-, fag- og personalansvar. Stillinga inngår i rådmannen si leiargruppe

Oppgåver er rekneskap, skatt, fakturering/innfordring, budsjett- og økonomiplanarbeid. Økonomieininga har også ansvar for føring av rekneskap- og lønnsarbeid for kyrkjelege fellesråd. Økonomisjefen har ei viktig rolle i forhold til å medverke til ein sunn kommuneøkonomi.

Kvalifikasjonar:

  • 3-5 års økonomisk utdanning
  • Brei erfaring frå økonomi- og rekneskapsarbeid
  • Erfaring med økonomiske IT - system
  • Innsikt og kunnskap om lover og regelverk innan offentleg forvaltning

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvar innan økonomi, og ansvar for budsjett-, rekneskap-, analyse- og rapporteringsprosessar som sikrar god økonomisk styring av alle einingar
  • Sørge for gode og effektive arbeidsprosesser innan rekneskap, finans, budsjettering og analyser
  • Operativt ansvar for prognosearbeid og øvrig styringsdokumentasjon
  • Utarbeide økonomiske analyser, enkeltavgjerder og effektiviseringsarbeid
  • Medverke til gode budsjett- og økonomiplanprosessar
  • Ansvar for finansforvaltning og økonomidelen knytt til eigedomsskatt og kommunen sin kraftportefølgje
  • Førebu økonomisaker for politisk handsaming

Eigenskapar

  • Stillinga krev heilskapleg orientering, styringskraft, rolleforståing og evne til å finne handlingsrom innanfor gjeldande rammer
  • Gode leiareigenskapar

Vi kan tilby:

  • Godt innarbeida tenester med rutinerte og dyktige medarbeidarar
  • God og konkurransedyktig lønn
  • Offentlig pensjonsordning

Kontaktpersonar rådmann Arve Varden arve.varden@hoyanger.kommune.no tlf 99 21 93 52

eller økonomisjef Torstein Buhagen torstein.buhagen@hoyanger.kommune.no tlf 57 71 15 21.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane kan bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om å bli unntatt frå søkarlista.


Søknaden skal leverast via vårt elektroniske søknadssenter

Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert tatt med til evt. intervju.

Søknadsfrist: 28. september 2014.

Sektor
Offentlig
Sted
August Gunnarskogsgt. 1, 6991 Høyanger
Bransje
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arve Varden
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
99 21 93 52
Kontaktperson
Torstein Buhagen
Stillingstittel
Økonomisjef
Telefon
57 71 15 21
Følg firma
283 følger dette firmaet

August Gunnarskogsgt. 1, 6991 Høyanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 51502732
Sist endret 8. sep. 2014 10:49

Rapporter annonse