Utløpt

Det er ledig ei fast 100% stilling som lærar

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
05.09.2014
Ansettelsesform
Fast

Ved Kaland barne- og ungdomsskule er det ledig ei fast 100% stilling som lærar frå 01.09.2014.

Opplysningar om avdeling

Skulen har for tida 158 elevar fordelt på 10 klassar.
Skulen er med i satsingsområdet "Skulebasert kompetanseutvikling" eit 5-årig utviklingsprosjekt me fokus på praksisfeltet innafor klasseleiing, vurdering for læring og lesing. Lærarane på alle klassestega er med i dette utviklingsarbeidet. Utviklingsarbeidet går etter prinsippa for lærande organisasjonar.
 I tillegg er skulen med i Comeniusprosjektet :  Ei sunn sjel  i ein sunn lekam, der hovudvekt av innhaldet dette skuleåret er lagt på førebyggjande arbeid mot mobbing.
Skulen er også ein PALS-skule
 Lærarane arbeider i team. Alle tilsette disponerer eigen PC.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er lagt til barnetrinnet, med dei fleste faga i 5.klasse. Det er også ein del kroppsøvingstimar knytt til stillinga. Det kan verta aktuelt med  kontaktlærarfunksjon.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, SPK.

Informasjon om stillinga

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å henvenda seg til rektor Eldbjørg Bakke, tlf 95838919 eller kommunalsjef for oppvekst Torleiv Frotjold tlf 90151975.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000

Om arbeidsgiveren

Austrheim kommune er ein vekstkommune som ligg nord i Hordaland med nett over 2800 innbyggarar. Kommunen er ein av vertskommunane til Mongstad, eit internasjonalt industriområde med oljeraffineri, forsyningsbase, petroleumsindustri og CO2-senter. Austrheim har eit tett samarbeid med Lindås kommune om utvikling på Mongstad. Kommunen er også vertskap for ei stor maritim næring. Austrheim er ein hav- og kystkommune og består av over 480 øyar, holmar og skjer. Bruer knyter kommunen saman og ringvegen i Nordhordland går gjennom Austrheim. Kommunen er eit eldorado for aktivitetar knytt til kyst og hav, og den årlege Havsportveka i august er blitt eit omfattande arrangement som trekkjer folk frå inn- og utland. Austrheim kommune er ein del av regionen Nordhordland. Kommunesenteret ligg vel ein time frå Bergen sentrum. Det er gode jobbmuligheiter i Nordhordlandsregionen, og vi hjelper til med å skaffe jobb for to!. Full barnehagedekning og gode tenester er noko av det som møter deg viss du flyttar til oss.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eldbjørg Bakke
Stillingstittel
Rektor
Telefon
95 83 89 19
Følg firma
16 følger dette firmaet

Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 51013541
Sist endret 22. aug. 2014 12:39

Rapporter annonse