Utløpt

Rektor ved Fogn oppvekstsenter

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
01.09.2014
Ansettelsesform
Fast

Det er ledig stilling som rektor ved Fogn oppvekstsenter frå 01.10.2014. 

Fogn oppvekstsenter er samansett av ein fådelt 1 – 7 skule og ein barnehagedel. Det er for tida i underkant av 50 elevar fordelt på 3 klassar i grunnskulen og om lag 10 born i barnehagen. Rektor har ansvaret for både skule, barnehage og sfo. Det er tilsett pedagogisk leiar i barnehagen. Oppvekstsenteret held til i fine lokale og har eit stort uteområde.                       

Lønn etter avtale. Arbeidsvilkåra vil vere i samsvar med vedtekne tariffavtalar, lover, reglar og kommunale vedtak. Det vert trekt 2 % pensjon av grunnlønna. Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk.

 Arbeidsoppgåver

  • Einingsleiar.
  • Pedagogisk ansvar for 1-7 trinn, barnehage og sfo.
  • Økonomisk ansvar.
  • Resultatansvar.
  • Personalansvar.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning.
  • Erfaring frå grunnskulen.
  • Ønskjeleg med leiarerfaring/leiarutdanning.

Eigenskapar                    

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer ein rektor som:

  • er tydeleg og ryddig,
  • er innstilt på samarbeid og som har evne til å jobbe sjølvstendig,
  • ser at menneske yter meir når dei blir tatt på alvor,
  • er fleksibel og har godt humør,
  • trivst saman med born, føresette og tilsette,
  • engasjerer seg i drifta av barnehagen,
  • er opptatt av at borna si utvikling og læring står i sentrum,
  • er engasjert, kreativ og løysingsorientert,
  • er utviklingsorientert,
  • bidrar i leiarkollegiet.

Søknad, vedlagt CV og kopiar av attestar og vitnemål kan sendast til Finnøy kommune, Servicetorget, 4160 Finnøy, innan 01.09.2014. Referansar må førast opp. Ved evt. tilsetjing skal godkjend politiattest leggjast fram, jfr. Opplæringslova.

Nærare opplysningar kan ein få ved å venda seg til kommunalsjef for oppvekst, Waldemar Pettersen, tlf. 51714730.

Sjå og på heimesidene:

www.finnoy.kommune.no

www.minskole.no/fogn

Om arbeidsgiveren

Finnøy kommune ligg sentralt til i Rogaland.To av øyane er landfaste gjennom Finnfast. Dei andre øyane har godt utbygd transportnett med både ferjer og hurtigbåtar. Kommunen har om lag 3000 innbyggjarar. Reisetida til Fogn frå til dømes Stavanger med hurtigbåt er på om lag 40 minuttar. Frå kaien kan ein spasere til oppvekstsenteret på 5 minuttar.

Kommunen utarbeidde i 2013 ein felles plan for leseopplæringa i kommunen. Vidare har oppvekstsentra dei siste åra satsa spesielt på læringsstrategiar og klasseleiing.

Satsingsområda til barnehagane i kommunen er Være sammen og tidleg innsats, mellom anna med språkutvikling. Være sammen har som hovudmål å heve kompetansen hjå alle tilsette i barnehagane, me ynskjer å ha varme og grensesetjande vaksne, ein autoritativ vaksenstil.

I Finnøy kommune speler me på lag. ”Saman for folk i Finnøy”, er vår visjon. Kommunen ønskjer medarbeidarar som er myndiggjorte, kompetente, engasjerte, fleksible og lojale.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Judaberg, 4160 Finnøy
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Waldemar Pettersen
Stillingstittel
Kommunalsjef oppvekst
Telefon
51 71 47 30
Følg firma
8 følger dette firmaet

Judaberg, 4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 50471971
Sist endret 5. aug. 2014 10:53

Rapporter annonse