Utløpt

Ledige fastlegeheimlar i Fjaler kommune

Arbeidsgiver
Fjaler Kommune
Stillingstittel
Fastlege
Frist
03.08.2014
Ansettelsesform
Selvstendig næringsdrivende

Vi har frå hausten/nyåret ledig to fastlegeheimlar med desse hovudfunksjonane:

  • Fastlege med listetak på 800 pasientar
  • Legevakt i Sunnfjord og ytre Sogn interkommunale legevaktsamarbeid
  • Erfaren fastlege er tilgjengeleg på legesenteret for rettleiing av eventuelt nyutdanna søkjar.

I tillegg til fastlegeoppgåvene er det plikt til kommunalt legearbeid med  inntil 7,5/15 timer pr veke på helsestasjon/sjukeheim/medisinfagleg rådgjeving/smittevernlege

Fjaler kommune har tre privatpraktiserande fastlegar og turnuslege.

Kommunen stiller lokale, hjelpepersonell og utstyr til rådvelde for legane mot basistilskot. Legesenteret er velutstyrt og ligg i same bygg som dei andre helse- og sosialtenestene i kommunen. Legevakta er lokalisert ved Førde sentralsjukehus, og er ei interkommunal ordning. Ei til to vaktar i månaden. 

Tilsetting på vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Søkjar må ha norsk autorisasjon og meistre norsk skriftleg og munnleg. 

Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagt. Vi vil kunne hjelpe til med å skaffe bustad.

 

Send søknad med kopi av autorisasjon, vitnemål og attestar på

www.fjaler.kommune.no –sjølvbetjening. (Saksnummer 14/350)

 

 

Om arbeidsgiveren

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.

Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod. Folk i Fjaler går spennande tider i møte; prosjekt Lutelandet, ferdigstilling av Dalsfjordbrua, stor vekst i lokale bedrifter, og det rådar ei optimistisk framtidstru, der unge og eldre engasjerer seg i å utvikle sitt lokalsamfunn.

UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord-og fjellvakker natur.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
6963 Dale i Sunnfjord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Allmennmedisin

Nøkkelord

Fastlege, Allmennlege

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Martin Lundgård
Stillingstittel
Rådgjevar personal
Telefon
41 10 38 22
Følg firma
5 følger dette firmaet

6963 Dale i Sunnfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 49490349
Sist endret 23. jun. 2014 12:41

Rapporter annonse