Utløpt

Leirskulelærar og friluftslivsretleiar

Arbeidsgiver
UWC Connect
Stillingstittel
Leirskulelærar
Frist
23.06.2014
Ansettelsesform
Vikariat

UWC Connect ynskjer å tilsette ein leirskulelærar/ friluftslivsrettleiar i eit årsvikariat i første hand frå august 2014 - med arbeidsplass ved UWC Red Cross Nordic i Flekke. Stillinga er på 75%, med periodar med mykje arbeid (haust og vår), mens ein i andre periodar tek ut opparbeida avspasering (november/desember).

 

Arbeidsbeskriving for leirskulelærar ved UWC Connect

Leirskulelæraren rapporterer til, og får rettleiing av, dagleg leiar av UWC Connect og vil arbeide i lag med dagleg leiar i gjennomføringa og planlegginga av utandørsaktivitetane som gjennomførast av UWC Connect. Dagleg leiar for UWC Connect har det pedagogiske ansvaret for leirskulen. Som tilsett i UWC Connect må leirskulelæraren arbeide for UWC sine formål, og skal utføre sine arbeidsoppgåver i tråd med UWC sitt etos.

 

Arbeidsoppgåver inkluderer:

Dagleg organisering og drift av leirskulen;
Planlegging og leiing av arbeidsoppgåver for dei tilsette på leirskulen;
Ansvar for organisering og gjennomføring av opplæringa av studentar før leirskulesesongen;
Gjennomføring av daglege aktivitetar på leirskulen;
Ansvar for koordineringa mellom leirskulen og samarbeidspartnerar;
Ansvar for marknadsføring, bestillingar, kundekontakt og fakturering;
Koordinering av leirskulen sin nettside;
Ansvar for helse, miljø og tryggleik, rutinar og prosedyrar på leirskulen;
Ansvar for leirskulen sitt utstyr og anlegg, samt vedlikehald, sikkerheitssjekk og utskifting;
Ansvar for budsjettering for leirskulen;
Er ein del av utdanningspersonalet ved UWC Red Cross Nordic.

 

Stillinga omfattar også ein assisterande rolle i drifta av UWC Connect sine andre program, inkludert utandørsaktivitetar for studentar ved UWC Red Cross Nordic.

Leiing av aktivitetar og opplæring av studentar og personale ved UWC RCN;
Planlegging og gjennomføring av “friluftsveke” for UWC RCN;
Leiing av aktivitetar for andre grupper;
Følgje, utvikle og vedlikehalde HMT systemet til UWC Connect;
Assistere dagleg leiar med marknadsføring, tinging og kundekontakt for UWC Connect;
Assistere dagleg leiar med vedlikehald, utlån etc. av utstyr og anlegg tilhøyrande UWC Connect;
Assistere dagleg leiar med budsjettering for UWC Connect.

 

Personlege eigenskapar for stillinga

Pedagogisk utdanning med hovudvekt på friluftsliv;

Godkjent instruktør/rettleiar i ein, helst fleire av følgjande: klatring(NF instruktør 1 eller tilsvarande); kajakk (NPF aktivitetsleiar Hav eller tilsvarande); kano (teknikkurs kano, flattvann eller tilsvarande). Erfaring med trebåtar og generelt kystfriluftsliv er og nyttig. Båtførarprøve.

Profesjonell og personleg integritet;

Effektiv administrasjon;

Evne til å kommunisere tydeleg både munnleg og skriftleg på engelsk og norsk (nynorsk);

Gode samarbeidsevner;

Erfaring med leiarrolla;

Ei forståing for, og stønad til, UWC sine mål og ambisjonar.

 

Søknadsfrist: 23. juni 2014

Søknad med CV sendast til: UWC Connect ved dagleg leiar Ragnhild Tveiten; connect@rcnuwc.no.

Søknad merkast med «søknad leirskulelærar»

Stillinga tek til: 11.august 2014

Om arbeidsgiveren

UWC Røde Kors Nordisk er ein internatskule i Fjaler, Sogn og Fjordane. Skulen er ein av 13 i den internasjonale UWC- rørsla og har som mål å fremme fred og internasjonal forståing, bærekraftig utvikling og økologisk kunnskap gjennom utdanning og anna verksemd

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
6968 Flekke
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Nøkkelord

friluftsliv, pedagogik, kajakk, klatring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ragnhild Tveiten
Stillingstittel
Dagleg leiar
Følg firma
1 følger dette firmaet

6968 Flekke

Annonseinformasjon

FINN-kode 49203198
Sist endret 12. jun. 2014 11:23

Rapporter annonse