Utløpt

Seksjonsleiar skule

Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Stillingstittel
Seksjonsleder
Frist
20.06.2014
Ansettelsesform
Fast

SEKSJONSLEIAR SKULE  100% FAST STILLING

 

Sak nr. 2014/1421

ID nr.  739

 

Ørsta kommune er med 10 500 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal og er plassert i hjarte av Sunnmørsalpane. Kommunen vår er ein god plass og bu og vi har eit rikt kulturtilbod i regionen. Her er eit variert næringsliv og vi har gode kommunikasjonstilbod, m.a. flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen.

 

Ørsta kommune er i god utvikling og ynskjer ein leiar som tek aktivt leiarskap for grunnskule og vaksenopplæring.

 

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd

Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede

Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

 

Seksjonen har ansvar for 7 grunnskular og opplæringssenter for vaksenopplæring og norskopplæring av flyktningar. Interkommunalt PPT-kontor er lokalisert i kommunen. Seksjon skule har pr. d.d. på kommunenivå tilsett rådgjevarar i 160% stilling.

 

Som seksjonsleiar inngår du i leiargruppa til rådmannen. Du får eit ansvar for heilskapleg arbeid i samsvar med kommunen sine overordna visjonar og mål. Du må ha evne og vilje til å utvikle deg sjølv, medarbeidarane dine og organisasjonen i eit lengre perspektiv. Som seksjonsleiar skule vert det også viktig å ta i vare og vidareutvikle den utviklingskulturen vi har skulane våre. Dette vil setje krav til pedagogisk oversyn og evne til å sjå heilskap og samanheng i pedagogisk utviklingsarbeid.

 

Krav for stillinga:

Godkjent pedagogisk utdanning.

 

Det er sterkt ynskjeleg med vidareutdanning og erfaring innan leiing og administrasjon.

 

Aktuelle søkjarar vert mellom anna vurdert ut frå desse kvalifikasjonane:

Gode kommunikasjons og samarbeidsevne

Kunnskap om gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet  

Kunnskap om budsjett og kostnadsstyring

God munneleg og skrifteleg framstillingsevne

Evne til å inspirere, ta initiativ til og fylgje opp pedagogisk utviklingsarbeid i skulane

Evne til å leie, motivere og skape resultat

Ein leiarstil som evnar å nytte og utvikle kompetansen hos medarbeidarane sine

Andre personlege eigenskapar

 

Vi tilbyr:

Ei spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljø

Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse

God pensjonsordning

Godt arbeidsmiljø

Deltaking i intern leiarutvikling

Deltaking i interkommunalt nettverk

Høve til etter- og vidareutdanning/fagleg oppdatering

 

 

Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar og røynsle frå tilsvarande arbeid. Personlege eigenskapar og referansar vert tillagt stor vekt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

 

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

 

For nærare opplysningar, ta  kontakt med rådmann Wenche Solheim.

 

Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i  KLP.

 

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn lenke til på heimesida.

 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Kopiar av vitnemål og attestar sendast som e-post (1 pdf fil) til postmottak@orsta.kommune.no  eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6150 Ørsta.

 

Ved tilsetting skal det leggast fram rettkjend dokumentasjon, dette dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett avlønning.

 

Søknaden med vedlegg vert ikkje returnert. Desse vert makulert etter tilsetting.

 

Søknadsfrist: 20.06.2014

 

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve  prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

 

 

Om arbeidsgiveren

Ørsta kommune er med 10 500 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal og er plassert i hjarte av Sunnmørsalpane. Kommunen har eit variert næringsliv og har gode kommunikasjonar. Flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen.
Ørsta kommune er i god utvikling og ynskjer ein leiar som tek aktivt leiarskap for teknisk planlegging og framdrift.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Pedagogisk, utviklingsorientert, samarbeid, budsjett, lagånd

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Wenche Solheim
Stillingstittel
Rådmann
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 48796290
Sist endret 28. mai 2014 12:24

Rapporter annonse