Utløpt

Rådmann

Arbeidsgiver
Eid kommune
Stillingstittel
Rådmann
Frist
05.06.2014
Ansettelsesform
Fast

Eid kommune søkjer ein trygg, tydeleg og motiverande leiar med evne til å tenkje heilskapleg og strategisk. Du må kunne syne til gode resultat som leiar innanfor offentleg og/eller privat verksemd. Vi vil leggje vekt på at du har erfaring frå utviklingsarbeid. Samtidig mådu ha god innsikt i kommunal forvalting og økonomi, og forståing for samhandling og rolledeling mellom politikk og administrasjon.

Vår nye rådmann skal ha ein motiverande, samlande og inkluderande leiarstil både internt og eksternt. Søkjarar må ha relevant høgare utdanning. Vi kan tilby løn etter avtale og ei utfordrande leiarstilling i ein utviklingsorientert, veldriven kommune midt i ein vekstkraftig region.

Om du ønskjer fleire opplysingar om stillinga, kontakt Jan Tveit hos Headvisor, tlf. 975 39 990 eller ordførar Alfred Bjørlo, tlf. 480 82 652. For meir informasjon sjå www.eid.kommune.no.

Søknad med CV sendast innan 1. juni

Om arbeidsgiveren

Eid kommune, sentralt plassert i Nordfjord med eit omland på 50 000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er ein veldriven kommune i vekst. Eid er nyleg kåra til ein av landets ti mest effektivt drivne kommunar og den fjerde beste skulekommunen i Noreg. Kommunen har om lag 6 000 innbyggjarar og om lag 500 tilsette (350 årsverk). Vi har store nye utbyggingsprosjekt på gang innanfor eldreomsorg, idrett/skule og bustadbygging.

Eid har eit sterkt næringsliv, særleg innanfor elektro/automasjon, energi, landbruk, handel/reiseliv og tenesteytande næringar. Kommunen er ein kulturkommune i særklasse med Operahuset Nordfjord, Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og mange aktive, frivillige kultur- og idrettsorganisasjonar.
Kommunesenteret Nordfjordeid har vore finalist i kåringa av Noregs mest attraktive stad, og fekk i 2013 ein nasjonal heiderspris for systematisk satsing på kulturbasert tettstadutvikling.

Sjå meir på www.nordfjordeid.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
RÅDHUSVEGEN 11, 6770 Nordfjordeid
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Alfred Bjørlo
Stillingstittel
Ordførar
Telefon
48 08 26 52
Kontaktperson
Jan Tveit
Stillingstittel
Rådgiver / Partner
Telefon
97 53 99 90
Følg firma
79 følger dette firmaet

RÅDHUSVEGEN 11, 6770 Nordfjordeid

Annonseinformasjon

FINN-kode 48272383
Sist endret 8. mai 2014 12:11

Rapporter annonse