Utløpt

Spanande toppleiarjobb i ein spanande kommune.

Arbeidsgiver
Vinje kommune
Stillingstittel
Assisterande rådmann
Frist
05.06.2014
Ansettelsesform
Fast

Assisterande rådmann – id. 1102

Stillinga som assisterande rådmann er ledig. Vinje kommune er ein brukarorientert to - nivå kommune, der avgjerder blir teke der oppgåvene ligg. Assisterande rådmannen vil ha ei sentral og avgjerande rolle i kommunen si utvikling og dagleg drift. Assisterande rådmannen er saman med rådmannen den viktigaste kulturberaren i organisasjonen, og skal difor vera synleg og til stades i dialog med medarbeidarar, politikarar, næringslivet og brukarar / innbyggjarar. Positivt menneskesyn og gode kommunikasjonsevner er ein føresetnad for å lukkast. Det er eit ynskje å få eit rådmannsteam med brei fagleg kompetanse.

Me søkjer ein toppleiar der me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar: • Utdanning på universitets- eller høgskulenivå • Kjennskap til opplæringssektoren • Erfaring frå leiing i offentlege eller private verksemder • Pådrivar i utviklinga av eit godt oppvekst- og læringsmiljø • Arbeidsmåte som er retta mot løysingar og resultat • Evne og vilje til å leie i team, skape kultur i organisasjonen som er prega av utvikling, der ein oppnår gode resultat i samarbeid med andre. • Evne til god dialog og samhandling i grensesnittet mot politiske styringsorgan, innbyggarar/brukarar og kommunens administrasjon og tenesteproduksjon. • Evne til å motivere og inspirere medarbeidarar til fagleg godt arbeid for innbyggjarane i kommunen.

Me ynskjer deg velkomen som søkjar til ei spanande stilling, der du får vere med å prege den vidare utviklinga i kommunen. Det vil bli gjort leiaravtale for stillinga.

Me kan tilby løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar, full barnehagedekking, hjelp til å skaffe bustad.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Nærare opplysningar om stillinga blir gjeve av rådmann Hans Kristian Lehmann tlf. 35062300 / e-post: hle@vinje.kommune.no.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema, sjå  www.vinje.kommune.no Søknadsfrist: 5.6.2014    Velkomen som søkjar!

 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
VINJEVEGEN 192, 3890 Vinje
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Toppleiarjobb

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hans Kristian Lehmann
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
35 06 23 00
Kontaktperson
Aud Groven
Stillingstittel
Organisasjonssjef
Telefon
90 76 51 08
Følg firma
5 følger dette firmaet

VINJEVEGEN 192, 3890 Vinje

Annonseinformasjon

FINN-kode 48076832
Sist endret 29. apr. 2014 10:06

Rapporter annonse