Utløpt

Driftsoperatør vatn og avløp, Ørsta kommune

Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Stillingstittel
Driftsoperatør VA
Frist
10.05.2014
Ansettelsesform
Fast

Om utlysinga

Kommunalteknikk har for tida ledig stilling som driftsoperatør for vatn og avløp. Det kan påreknast at stillinga blir tillagt vaktordningar innanfor avdelinga. Det kan også verte aktuelt å tilby deltaking i Ørsta brann og redning.

Kvalifikasjonar til søkjar

Vi søkjer ein person med interesse for faget, som kan kommunisere godt, gode evne til samarbeid og positive haldningar. Søkjar bør ha fagbrev innan kjemiske prosessfag, eller anna relevant fagbrev, då gjerne kombinert med VA kompetanse som for eksempel driftsoperatørkurs. Arbeidserfaring frå avløpsanlegg, vassverk eller anna relevant prosessindustri er ønskelig. Søkjar må vere villig til å ta naudsynte kurs.

Lønsplassering og stillingskode vert vurdert ut i frå formelle kvalifikasjonar ved tilsetting.

Arbeidsoppgåver

Kommunalteknikk driftar alle kommunale anlegg og leidningsanlegg for vatn og avløp i Ørsta kommune. Det inkluderar 4 vassverk og 3 reinseanlegg. Vassverka vart oppgraderte med nye UV-anlegg i 2013. Hovudkloakkanlegget Vikeøyra RA skal byggast nytt med forventa byggestart hausten 2014.

Arbeidsoppgåvene er knytt til aktivt vedlikehald og overvaking for å sikre ei kontinuerlig drift, samt kvalitetssikring av prosesser via analyser, driftskontrollsystem og anna utstyr. Mindre vedlikehaldsarbeid knytt til leidningsnett høyrar også til stillinga.

Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pliktig medlemskap i KLP

Om søknaden

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn lenke til på heimesida.

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Kopiar av vitnemål og attestar sendast som e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, røynsle frå tilsvarande arbeid og personlege eigenskapar. Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Ved tilsetting skal det leggast fram rettkjend dokumentasjon, dette dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett avlønning.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Søknadsfrist 10.05.2014

Om arbeidsgiveren

Ørsta kommune er største landbrukskommunen i Møre og Romsdal, og jordbruk er ei viktig næring. Likevel er Ørsta framfor alt ei industrikommune med eit breitt og variert industrimiljø, hovudsakleg med møbel-, metallforedlings- og næringsmiddelindustri med til dømes meieri og fiskeindustri.
Innbyggjartalet er knapt 10 400, og av desse bur om lag 6 500 i kommunesenteret. Ørsta er ein aktiv kulturkommune med meir enn 350 lag og foreiningar. Her er også særs gode tilhøve for flerie typer idrett og friluftsliv i variert og vakkert terreng. Ørsta har gode kommunikasjonar. Ørsta/Volda Lufthamn Hovden har daglege flysamband med Bergen og Oslo. På Rystelandet er det djupvasskai. Ørsta er trafikk-knutepunkt for kyststamveg E39 og FV655.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Nøkkelord

vann, avløp, vannverk, renseanlegg, prosess

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ulf Kristian Rognstad
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Ole Idar Fiksdal
Stillingstittel
Avdelingsingeniør
Telefon
Vis telefonnummer

Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 47767449
Sist endret 22. apr. 2014 14:15

Rapporter annonse