Utløpt

Flyktningkonsulent

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
Flyktningkonsulent
Frist
25.04.2014
Ansettelsesform
Fast

Finnøy kommune i Ryfylke har vel 3000 innbyggjarar, fordelt på 16 øyar, og er i vekst. Landbruk, havbruk og reiseliv er viktige næringar i kommunen. Talgje og Finnøy er knytt til Nord-Jæren via Finnfast og Rennfast. Kommunesenteret er på Judaberg, om lag 35 minutters reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune spelar me på lag og « Saman for folk i Finnøy» er vår visjon.

Formannskapet i Finnøy kommune vedtok i mars å tilsette ein flyktningkonsulent i 80 - 100 % stilling. Dette grunna vedtak om å ta imot opptil 20 flyktningar dei tre neste åra. Saka kjem til endeleg handsaming i kommunestyret 7. mai.

Stillingstype:

Ny fast stilling i kommunen. Tiltreding etter avtale.

Arbeidsoppgåver:

• Finne og klargjere best eigna bustad husvære.
• Mottak av nye flyktningar.
• Informasjon til flyktningane. Gi nødvendig informasjon som dei treng å vita for å bu i kommunen vår.
• Programrådgivar/kontaktperson for introduksjonsprogram. Alle nye flyktningar skal ha eit individuelt tilpassa introduksjonsprogram innan 3 månader.
• Kreve tilskot frå IMDi for flyktningar vi har teke imot.

Kvalifikasjonar:

• Høgskule eller universitetsutdanning.
• Praksis/erfaring som kan kompensere for manglande formell utdanning.
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Finnøy kommune nyttar nynorsk målform

Personlege eigenskapar:

• God gjennomføringsevne og høg leveransedyktigheit
• Gode samhandlings- og samarbeidsevner.
• Liker utfordringar og er motivert.

Vi tilbyr:

• Lønn etter avtale
• Fleksibel arbeidstid
• God pensjons- og forsikringsordning
• Triveleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver.

For meir informasjon, kontakt kommunalsjef for helse og omsorg Helge Nessa, tlf. 916 21 322

Søknadsfrist: 25.04.2014

Søknad m/CV til post@finnoy.kommune.no  Merk søknaden med ref. nr. 14/360

Sektor
Offentlig
Sted
4160 Finnøy
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Konsulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helge Nessa
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
91 62 13 22
Følg firma
8 følger dette firmaet

4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 47731546
Sist endret 9. apr. 2014 12:20

Rapporter annonse