Utløpt

Konsulent

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
Konsulent
Frist
16.04.2014
Ansettelsesform
Fast

Konsulent 75 % – fellestenester

Er du klar for nye spanande oppgåver midt i hjartet av organisasjonen Finnøy kommune? Då kan kanskje stillinga som konsulent i fellestenester vere midt i blinken for deg. Hos oss er få arbeidsdagar like. For å ha det gøy og trivast som konsulent i fellestenester, må du være komfortabel med ulike oppgåver. Du har ein «dette får me til» haldning, og har ofte opplevd at du blir skildra som «poteten».

Som konsulent i fellestenester vil du mellom anna få ansvar/delansvar for:

• Eigedomsskatt
   o Kontroll
   o Fakturering
   o Registrering
   o Saksutgreiing

• Førebuing og etterarbeid til folkevalde organ

• Prosjektbistand

• Merkantile oppgåver
   o Post
   o Arkiv

• 1. linjeteneste
   o Sentralbord
   o Kundebehandling

Andre arbeidsoppgåver kan vere aktuelle, avhengig av personlege eigenskapar og kompetanse.

Me har ikkje krav til formell utdanning, det er den samla kompetansen din me er på jakt etter. Om den er opparbeida i frivillige organisasjonar, privat næringsliv, offentleg forvaltning eller på eit universitet er mindre viktig. Det er likevel viktig at du er komfortabel med bruk av datamaskinar og ulike IKT-system, du er kunnskapssøkjande, og har stor grad av sosial kompetanse. I Finnøy kommune nyttar med nynorsk.

Tilsetting skjer på kommunale vilkår. Ynskjer du ytterligare opplysningar om stillinga tek du kontakt med kommunalsjef organisasjon og utvikling Vegard Thise på telefon: 917 24 880.

Referansenr.: 14/344

Søknad og CV sendast til post@finnoy.kommune.no. Søknad skal vere Finnøy kommune i hende innan 16. april kl 12:00.

 

Sektor
Offentlig
Sted
4160 Finnøy
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Konsulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vegard Thise
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
91 72 48 80
Følg firma
8 følger dette firmaet

4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 47595197
Sist endret 2. apr. 2014 15:40

Rapporter annonse