Utløpt

Fagleiar/PP-rådgivar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Fagleiar/PP-rådgivar
Frist
30.04.2014
Ansettelsesform
Fast

Kort om stillinga

Fagleiar PPT / PP-rådgivar, - 100% fast stilling frå 01.08.14. Arbeidsstaden er Osterøy rådhus.

I tråd med nasjonale føringar, skal PPT jobbe meir systemretta og utlyser etter ein Fagleiar/ PP rådgjevar som kan vere med å utvikle samarbeid og rutinar saman med barnehage, skule og andre relevante samarbeidspartnarar.

Søkjarar som ikkje ønskjer fagleiaransvar, men PP- rådgjevarstilling, er også velkomne til å søkje. Enten ein ønskjer fagleiar-/ eller PP-rådgjevarstilling, vil det bli arbeid med sakkunnig arbeid.

Arbeidsoppgåver

Sakkunnig og systemretta arbeid i høve til opplæringslova kap.5

Tverretatleg/tverrfagleg samarbeid og samarbeid med 2. og 3. linjetenesta Testing/utgreiing/ vurdering av born/unge med trong for særskilde tiltak Rettleiing/rådgiving til føresette/ lærarar i barnehage og skule.

Vi søkjer

Du har

  • utdanning som førskulelærer med spesialpedagogikk, spesialpedagog, psykolog eller logoped.
  • tverrfagleg forståing
  • erfaring med sakkunnig arbeid
  • evne og vilje til samarbeid
  • evne til å arbeida sjølvstendig og målretta

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.

Eit godt arbeidsmiljø forankra i tverrfagleg samarbeid

Osterøy kommune er ei IA- bedrift

Søknad Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf. 56 19 21 00.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og nærmar seg 7 700 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Familien hus er eit tverrfagleg kommunalt tilbod der du finn tenestene: PPT, Tverrfagleg Teneste og Barnevern. Familiens hus er lagt til sektor for oppvekst, undervisning og kultur. Målet med Familiens hus er styrking av tilbodet til born, unge og familiar gjennom auka samhandling mellom tenester til målgruppa. Arbeidet i Familiens hus skal ha fokus på tidleg innsats og støtte.

Sektor
Offentlig
Sted
5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibeche Furrebøe Levsen
Stillingstittel
Leiar Familien hus
Telefon
90 68 63 51
Kontaktperson
Ivar Winjum
Følg firma
283 følger dette firmaet

5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 47592808
Sist endret 2. apr. 2014 14:02

Rapporter annonse