Utløpt

Ledige stillingar i skule og barnehage

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
Diverse stillingar i skule og barnehage
Frist
25.04.2014
Ansettelsesform
Fast

Finnøy kommune ligg sentralt til i Rogaland, med reisetid til/frå Stavanger på ca. 45 min. To av øyane er landfaste gjennom Finnfast. 
Dei andre øyane har godt utbygd transportnett med både ferjer og hurtigbåtar.  Kommunen har om lag 3000 innbyggjarar.

Barnehagane i Finnøy er med i prosjektet «Være sammen».  Skulane har dei siste åra satsa spesielt på læringsstrategiar og klasseleiing.

I Finnøy kommune spelar me på lag.  «Saman for folk i Finnøy», er vår visjon. 
Kommunen ønskjer medarbeidarar som er myndiggjorte, kompetente, engasjerte, fleksible og lojale.

Finnøy kommune har følgjande tenestestader innan oppvekst:
Finnøy sentralskule  tlf. 51714100
Fogn oppvekstsenter  tlf. 51714680
Ombo oppvekstsenter  tlf. 51712080
Sjernarøy oppvekstsenter tlf. 51712040
Hagatoppen barnehage  tlf. 51714140
Talgje barnehage  tlf. 51712938

Ledige stillingar frå 01.08.14:
Pedagogiske leiarar i barnehagane, ref.nr. 14/288
Fagarbeidar/assistent i barnehagane, ref.nr. 14/290
Miljøterapeut Finnøy sentralskule (om lag 80 %), ref.nr. 14/289
Fagarbeidar/assistent skule/sfo, ref.nr. 14/291 

Rektor/styrar og oppvekstkontoret (tlf. 51714730 el.  51714731) kan gje nærare opplysningar om stillingane.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Lønn etter avtale.  Arbeidsvilkåra vil vere i samsvar med vedtekne tariffavtalar, lover, reglar og kommunale vedtak.  Det vert trekt 2 % i pensjon av grunnlønna. Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk.
 
Når det gjeld stillingane som miljøterapeut/fagarbeidar/assistent i skulen blir det trekt 11 % av lønna fordi stillingane følgjer skuleåret.

Søknad med ref.nr. for den aktuelle stillinga, vedlagt CV og kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Finnøy kommune, Servicetorget,  4160 Finnøy. 
Referansar må førast opp. Ved evt. tilsetjing skal godkjend politiattest leggjast fram.

Søknadsfrist 25.04,2014

Sjå også kommunen si heimeside: www.finnoy.kommune.no

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
4160 Finnøy
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Førskolelærer,
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rektor/styrar og oppvekstkontoret
Telefon
51 71 47 30
51 71 47 31
Følg firma
8 følger dette firmaet

4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 47333829
Sist endret 24. mar. 2014 12:48

Rapporter annonse