Utløpt

Spanande toppleiarjobb i ein kommune i positiv utvikling.

Arbeidsgiver
Vinje kommune
Stillingstittel
Rådmann
Frist
25.03.2014
Ansettelsesform
Fast

Rådmann – id 1080

Rådmannen vår går av med pensjon, og stillinga blir ledig frå 01.12.2014.  Det er ynskjeleg at den nye rådmannen kan starte i stillinga 1. september. Rådmannen vil ha ei sentral og avgjerande rolle i kommunen si utvikling og dagleg drift. Rådmannen er den viktigaste kulturberaren i organisasjonen, og skal difor vera synleg og til stades i dialog med medarbeidarar, politikarar, næringslivet og brukarar / innbyggjarar.

Positivt menneskesyn og gode kommunikasjonsevner er ein føresetnad for å lukkast.

 

Me søkjer ein toppleiar der me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

• Utdanning på universitets- eller høgskulenivå

• God kommunaløkonomisk forståing

• Erfaring frå leiing i offentlege eller private verksemder

• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne med ein tydeleg og inkluderande leiarstil

• Arbeidsmåte som er retta mot løysingar og resultat, og som trivest med å skape resultat gjennom ein organisasjon med erfarne og motiverte medarbeidarar

• Evne og vilje til å leie i team, vidareutvikle organisasjonskulturen og oppnå gode resultat i samarbeid med andre

• Evne til god dialog og samhandling i grensesnittet mot politiske styringsorgan, innbyggjarar / brukarar og kommunen sin administrasjon og tenesteproduksjon.

• Evne til å motivere og inspirere medarbeidarar til fagleg godt arbeid for kommunen sine innbyggjarar

 

Me tilbyr løn etter avtale i ei spanande stilling, der du får vere med å prege den vidare utviklinga i kommunen. Det vil bli skrive ei eiga leiaravtale for stillinga. 

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Nærare opplysningar om stillinga blir gjeve av ordførar Arne Vinje, tlf. 35062300 / e-post: arne.vinje@vinje.kommune.no,

Søknad skal sendast på elektronisk skjema, sjå  www.vinje.kommune.no Søknadsfrist: 25.3.2014    

Velkomen som søkjar!

 

Om arbeidsgiveren

Vinje er ein kommune med godt utbygde velferdstilbod til alle aldersgrupper. Med nær 3800 innbyggjarar er kommunen i positiv utvikling på område som kultur, turistutbygging, næringsutvikling, service og kvalitet.
Kommunen er ein brukarorientert to - nivå kommune, der avgjerder blir teke der oppgåvene ligg. Nært samspel mellom kommunen, næringslivet og innbyggjarane er grunnlaget for kommunen si vidare positive utvikling.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arne Vinje
Stillingstittel
Ordførar
Telefon
35 06 23 00
Følg firma
5 følger dette firmaet

Vinjevegen 192, 3890 Vinje

Annonseinformasjon

FINN-kode 46952391
Sist endret 28. feb. 2014 09:39

Rapporter annonse