Utløpt

Landbrukssjef

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
Landbrukssjef
Frist
25.03.2014
Ansettelsesform
Fast

Finnøy kommune i Ryfylke har vel 3000 innbyggarar, fordelt på 16 øyar, og er i vekst. Landbruk, havbruk og reiseliv er viktige næringsgreiner i kommunen.Talgje og Finnøy er knytt til Nord-Jæren via Finnfast og Rennfast. Kommunesenteret Judaberg er om lag 35 minutters reise i bil eller båt frå Stavanger.  I Finnøy kommune speler me på lag og ”Saman for folk i Finnøy” er vår visjon.

 

Finnøy kommune har ledig stilling som landbrukssjef ved tenesteavdeling Plan- og forvaltning. 

Landbruk er ein viktig sektor for sysselsetting, busetting og verdiskaping i Finnøy kommune. Landbruk utgjer om lag 33 % av sysselsettinga og 27 % av skatteinngangen i kommunen. 

Ei av dei viktigaste oppgåvene for Finnøy kommune dei neste åra vil vere utarbeiding av ny kommuneplan. Kommunal planstrategi og planprogram for Kommuneplan 2014 – 2026 er vedtatt. Arbeidet med samfunnsdelen er undervegs, og skal vidare leggast til grunn for arbeid med revisjon av arealdelen.  Eit hovudspørsmål i kommuneplanarbeidet vil vere korleis ein kan sikre ein berekraftig landbruksnæring også i framtida, samstundes som ein legg til rette for ny næringsetablering og befolkningsauke.  Landbrukssjefen vil vere sentral i dette arbeidet.

Landbrukssjefen vil òg ha sjølvstendig ansvar for forvaltningsoppgåver, tilskottsordningar og utviklingsoppgåver innafor sektoren, m.a.:

  • Arealforvaltning – jordlova, skoglova, plan- og bygningslova
  • Eigedomspolitikken – konsesjonslova
  • Forvaltning og kontroll av tilskottsordningar i landbruket
  • Miljøforvaltning, kulturlandskap og biologisk mangfald
  • Viltforvaltning
  • Investeringstiltak i jordbruket

Kvalifikasjonar:

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning, t.d. landbruksfag, areal- /samfunnsplanlegging
  • Erfaring med forvaltnings-/utviklings-/ eller planleggingsoppgåver
  • Erfaring frå/kjennskap til tenesteområdet
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Finnøy kommune nyttar nynorsk målform.

Personlege eigenskapar:

  • God gjennomføringsevne og høg leveransedyktigheit
  • Gode samhandlings- og samarbeidsevner
     

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling


Landbrukssjefen vil rapportere til kommunalsjef Plan og forvaltning.  Tenesteavdeling Plan og forvaltning har m.a. ansvar for kommunale planoppgåver, forvaltningsoppgåver og tilskotsordningar innafor plan, bygg, oppmåling, landbruk, naturforvaltning og næringsutvikling. Tenesteavdelinga har om lag 10 tilsette.

For meir informasjon, kontakt personalrådgjevar Paul Aano, tlf 51714709 eller rådmann Helene M. Ohm, tlf 400 32 243.

Søknadsfrist: 25. mars 2014

Søknad m/CV til post@finnoy.kommune.no. Merk søknad med ref.nr. 14/195.

Sektor
Offentlig
Sted
4160 Finnøy
Bransje
Jordbruk og skogbruk
Stillingsfunksjon
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helene M Ohm
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
51 71 47 14
Følg firma
8 følger dette firmaet

4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 46939711
Sist endret 6. mar. 2014 11:36

Rapporter annonse